Anmeldelse

Drakengard

Square Enix er eit velkjent namn. Først og fremst for storslagne eventyrspel, og spesielt Final Fantasy-serien. Felles for dei fleste spela til Square Enix er at dei handlar om samhald, og inneheld ei solid dose godt humør. Drakengard tar eit ganske brutalt brotmed denne mentaliteten.

Side 1
Side 2
Side 3

Spektakulære filmsekvensar Etter kvart sit du der med ei trang til å sjå neste filmsekvens. Ikkje fordi du er lei av å spele, men fordi det har skjedd så mange merkelege ting at du lengtar etter å få sjå noko spektakulært. Du skjønar, grafikken i Drakengard er ikkje akkurat imponerande. Det ser fint ut, men det er eit par moment som trekk ned. Når du spring til fots er områda så og seie heilt flate. Eit og anna tre, og nokre fjell dukkar opp, men det er også alt som eksisterar av variasjon. I tillegg er synsvidda heilt håplaus. Du ser ikkje fienden før den er rett framfor deg. Ofte brukar ein det lille kompasset i høgre hjørne for å lokalisere fiendar, for så å springe i full fart og håpe ein kan sende dei flygande med eit angrep.

Når du først befinn deg blandt mange fiendar er det eigentleg berre ein ting å gjere. Trykke på firkant som ein gal, og utføre nokre magiske angrep inni mellom. Caim svinger sverdet med sånn passe truverdigheit. Det er litt stivt, men raseriet han ber på kjem godt fram. Verre er det med fiendane. Stort sett møter du grupper på fire til tolv fiendar, og desse ser alle heilt like ut. Med unntak av leiaren. Alle angrip på same måte, og til tider gjer dei det unisont. Etter å ha hakka seg gjennom den same figuren gjentatte gongar i løpet av ein time fristar det med noko nytt.

Iskald musikk Det same kan seiast for musikken. Alle aspekt av spelet har sine tema, men dessverre har dei kun eit tema, noko som fører til at det er den same to-minutters melodien som går om igjen, heile tida i løpet av den timen eit brett tar. Svært mange brett har også akkurat same musikk. Variasjonen kjem ikkje før fleire timar ut i spelet når historia tar nye vendingar. Då kjem det kanskje ein ny melodi, som repeterar seg sjølv i det uendelege. Når det er sagt. Musikken i Drakengard er heilt sjuk. Berre musikken i menyane sendte ei kald gysning nedover ryggen min som ein giftig slange klar til å setje tenna i meg. Du blir slått av noko som berre kan beskrivast som ei blanding mellom frykt og adrenalinkick. Musikken i Drakengard er kald, skummel og forbanna.

Som sagt får du vite nye bruddstykker av historia på fleire måtar. Gjennom filmsekvensar, mellomsekvensar eller under eit brett. Kvaliteten på dialogen informasjonen blir sendt frå, er høgst variabel. Eit par karakterar har verkeleg fått ei sjel frå stemmene sine, men det er andre som framstår overdramatiske og påtatte. Ei spesiell "stemme" som snakkar til ein av karakterane i spelet er spesielt ille. Tenk prestane i Discworld Noir, berre utan innleving, og du er i nærheita. Lydeffektane er det du forventar deg, men klangen av sverd mot skjold, og rop frå fiendar. Det er ingenting som overraskar eller imponerar, men det er godt gjennomført. Spesielt brøla til dragen.

Konklusjon Drakengard er definitivt ikkje eit spel for alle. Er du til dømes mest interessert i spel der du må tenke, og gjere ting i eit beherska tempo er det ingenting å hente her. Dette er rett fram tankelaus action frå enda til anna, nesten. For denne historia er det noko spesielt med. Litt etter litt får du vite enda meir, sjølv om du eigentleg ikkje anar kva som foregår under skuggen av ein stor mørk krig. Det blir også håpet om å finne ut kva som skjer som eigentleg held deg gåande, men mange våpen og ekstrabrett gir deg også lyst til å spele "berre litt meir". Det er ei forfriskande historie som styrer vekk frå dei fleste velbrukte konsept, og sprøyter inn nytt liv. Om du likar enten Dynasty Warriors, eller Panzer Dragoon, finnest det ikkje eit betre alternativ akkurat no.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden