Drømmefall: Kapitler blir episodisk

Store ambisjonar fører til kursendring hos norske Red Thread Games.

Det er mange som har venta på eit nytt spel i Drømmefall-serien. Det heile starta med peik og klikk-spelet Den Lengste Reisen i 1999, før oppfølgjaren Drømmefall: Den Lengste Reisen dukka opp i 2006. Spela som blei utvikla av norske Funcom fekk mykje skryt, og gleda var difor stor blant mange då Funcom-avhopparane i Red Thread Games sette i gong ein Kickstarter-kampanje for å lage Drømmefall: Kapitler i fjor.

Kampanjen raka inn nesten dobbelt så mykje som utviklarane bad om, og Red Thread Games med Drømmefall-sjef Ragnar Tørnquist i spissen sikra seg i tillegg tidlegare i år 7 millionar kroner frå Norsk Filminstitutt.

Sjølv med dei ekstra midlane har Red Thread innsett at dei er nøydde til å endre på planen dei la fram med Kickstarter-kampanjen sin. Den var for eit komplett spel i ordinært format, men for å unngå å måtte kutte innhald, har utviklarane no bestemt seg for å dele spelet opp i fem separate episodar. Dette skriv Red Thread Games i ei oppdatering på Kickstarter-sida deira.

Tilbake til den originale planen

Skjermbilete frå Drømmefall Kapitler.
Skjermbilete frå Drømmefall Kapitler.

Då planlegginga starta for eit nytt Drømmefall-spel for omlag åtte år sidan ville utviklarane lage nettopp eit episodebasert spel. Dei droppa derimot denne planen sidan dei var usikre på omfanget til spelet.

Når Drømmefall: Kapitler no likevel endar opp som eit episodisk spel, hevdar Ragnar Tørnquist at dette vil tillate dei å lage eit betre spel med ei større historie og fleire interessante karakterar. Pengane dei får inn frå salet av den første episoden som vil bli lansert til hausten vil i tur gå vidare inn i produksjonen av dei neste kapitla. Dei som allereie kjøpte spelet gjennom Kickstarter-kampanjen vil få alle episodane utan ekstra kostnader.

Når dei resterande kapitla vil bli lansert er ikkje sikkert, men i Kickstarter-oppdateringa kan vi lese at dei valde å dele spelet opp slik for å unngå dei lange ventetidene vi har sett frå andre eventyrspel som etter kvart har blitt delt i to. Eit døme på dette er Broken Sword 5 som fekk sin første halvdel lansert før jul, medan avslutninga ikkje kom før i april.

Ved sidan av arbeidet med Drømmefall: Kapitler, jobbar Red Thread Games med vestlandsgrøssaren Draugen.

 

Kommentarer (20)

Forsiden akkurat nå

Til toppen