Sniktitt

Drømmefall: Den Lengste Reisen

Det blei raskt tydeleg at dette kanskje ikkje er kva ein del av tilhengarane av Den Lengste Reisen har venta på. Det tradisjonelle "peik og klikk"-systemet er bytta ut til fordel for eit ganske tradisjonelt tredjepersonsoppsett, noko som byr på ein heilt anna oppleving. Det betyr på ingen måte at Drømmefall blir ein ny konkurrent til Tomb Raider. Funcom er eit relativt lite selskap, og er avhengige av at spelet blir ein suksess, men er likevel ikkje redde for å ta visse sjansar. Om dei greier å få folk til å knytte eit band med karakterane, vil store delar av måla deira allereie bli oppfylt.

Ei god historie
Eit vellukka eventyrspel står og fell gjerne på ei god historie, og Drømmefall ser heldigvis ikkje ut til å bli noko unntak. Det produktdirektør Jørgen Tharaldsen og manusforfatter Dag Scheve frå Funcom kunne fortelje oss om denne delen av spelet lovar absolutt bra. Spelet inneheld tretten kapittel, pluss prolog og epilog. Det første kapittelet vil i hovudsak gå med på å bli kjend med ein av spelet sine tre karakterar, Zoë. Ho er på mange måtar hovudpersonen i spelet, og Funcom har jobba hardt for å gjere dette til ein person du trur på. Ho er tjue år, har droppa ut av universitetet, og har eit konfliktfylt forhold til faren sin. Det burde altså vere lett for mange å kjenne seg igjen i ho.

Det er som sagt i alt tre karakterar i spelet, Zoë, April og Kian. Kven du til ei kvar tid vil spele som, vil kome an på kapittelet. Noko av det første du vil erfare, er korleis du finn fram i verda. Her har Funcom skapt ei grensesnitt som på mange måtar tynnar ut linjene mellom dei tradisjonelle eventyrspela, og nyare action-spel. Det er minimalt med menyar, og om du kan gjere noko, vil det dukke opp symbol for dette. Når som helst kan du søke gjennom eit rom med ei horisontal stripe (focus field) som kan minne mykje om ein typisk skanner. Ein blå glød vil vise seg over ting du kan bruke. Dette er ikkje alt du kan bruke denne skannelinja til. Du kan også bruke den til å til dømes lytte til samtaler du elles ikkje ville fått med deg.

For at du skal kjenne deg som ein viktig del av historia, og ikkje kun som ein deltakar, tar Drømmfall i bruk eit svært avansert samtaletre. I byrjinga vil du kun ha nokre få val her, noko som vil hjelpe deg til å forstå systemet. Etter kvart vil dette vokse, og du vil få enda fleire alternativ når du skal snakke med nokon. Kva du endar opp med å seie vil også kunne få konsekvensar. Det er kun ein slutt i spelet, men forskjellige karakterar sine forhold til deg kan bli påverka av korleis du snakkar med dei. Eit "feil" svar kan gi negativ respons, og om dette er langvarige eller kortvarige responsar vil vere avhengig av situasjonen.

Tenk deg om før du slår
Funcom sitt ynskje om at du skal bry deg om karakterane vise seg også i kampsystemet. Ta Zoë som eit døme. Ho går kanskje på sjølvforsvarskurs, men det betyr ikkje at ho likar å slost. Om du byrjar å gjere valdelege ting, vil ho reagere på dette, og gi uttrykk for at ho har dårleg samvit. Sjølve kampsystemet er det vanskeleg å sei noko om, sidan det vi fekk demonsterert allereie var utdatert. Om du må bruke kampsystemet kjem an på kva karakter du til ei kvar tid brukar. Zoë kan til dømes konsekvent unngå bråk, og aldri ta del i ein kamp. Om du spelar som leigemordaren Kian, stiller saka seg sjølvsagt i eit anna lys.

Med så mykje dialog er det klart at det er livsviktig med gode skodespelarar. Akkurat dette er noko Funcom for tida jobbar intenst med, og det var tilnærma lik ingen stemmer i presentasjonen vi var vitne til. Vi blei i midlertid forsikra om at dette er noko Funcom tar svært seriøst, sidan det er vanskeleg å skape overbevisande karakterar om skodespelet er elendig. For returnerande karakterar satsar Funcom på å bruke dei som hadde stemmene i Den Lengste Reisen, men dette kjem sjølvsagt an på om dei er tilgjengelege.

Konklusjon
Drømmefall ser absolutt ut til å kunne levere varene når det kjem seinare i år. Sjølv om versjonen vi fekk sjå allereie er utdatert på mange frontar, ser det absolutt lovande ut. Det vesle vi fekk sjå av karakterutvikling og progressjon i historia, tyder også på at vi skal kunne godte oss med ein skikkeleg godbit. Ein får verkeleg inntrykket av at det ligg mykje bak karakterane, og verda er truverdig bygd opp. I tillegg til å vere tilgjengeleg på engelsk, vil spelet kome i ein norsk versjon, men om begge versjonar av spelet blir tilgjengelege i same boks, er enno usikkert. Drømmefall: Den Lengste Reisen er klart for Xbox og PC seinare i år, og vi gledar oss.

Kommentarer (9)

Forsiden akkurat nå

Til toppen