DuckTales Remastered har fått dato

August blir ein lekker månad for Disney-fans.

Tidlegare i år kunngjorde Capcom at DuckTales Remastered var under utvikling, til glede for dei som fekk med seg originalversjonen i 1989. DuckTales har hausta mange lovord i åra som har gått sidan det kom ut første gong, sidan det var eit uhyre solid plattformspel med glimrande nivådesign og fengslande gameplay.

Capcom utviklar ikkje den nye versjonen av spelet sjølve, men har i staden overlevert det ansvaret til dei erfarne animatørane i WayForward.

Flunkande ny grafikk i DuckTales Remastered.

Dato er i boks

No har omsider spelet fått spikra fast ein lanseringsdato, skriv Capcom i ei pressemelding. DuckTales Remastered kjem i sal digitalt for Wii U, PlayStation 3 og PC 13 august. Xbox 360-eigarane må derimot vente heilt til 11 september før dei får oppleve plattformspelet på ny.

Vi tok ein kikk på DuckTales Remastered under GDC-messa i San Francisco i vår. Det ser absolutt ut til å leve opp til sitt opphav:

«DuckTales Remastered er fantastisk moro, og den barnlege gleda eg fekk av å spele er verd si vekt i gullet til Onkel Skrue. DuckTales ser på alle måtar til å bli ei verdig restaurering av ein gammal klassikar, og bør bli perfekt underhaldning for både dei minste, dei godt vaksne, og alle midt i mellom.»

Les også: Gjensyn med Mikke Mus-klassikeren Castle of Illusion Les også: Klart for gjensyn med Superfrog

Siste fra forsiden