Dungeons & Dragons-nettrollespel kjem til Xbox One

No satsas det på at Neverwinter blir ein konsollsuksess.

Gratis-nettrollespelet Neverwinter er på veg til Xbox One. Det fortel utgjevar Perfect World i ei pressemelding. Det massive rollespelet gjer som massive rollespel flest, og let folk spele saman i jakta på rikdom, men som mange andre aktørar i sjangeren har utviklarane valt å droppe månadsavgifta til fordel for mikrotransaksjonar du kan benytte deg av for å kjøpe kosmetiske endringar, spelvaluta eller praktiske gjenstandar.

Lanseringa på Xbox One vil finne stad i løpet av det første halvåret av 2015, og du vil måtte ha eit Xbox Live Gold-medlemskap for å få spele.

Crytics første konsoll-MMO

Skjermbilete frå PC-versjonen av Neverwinter.

Neverwinter blir nettrollespel-veteranane hos Cryptics første prosjekt på konsoll, og Perfect World-sjef Alan Chen fortel i pressemeldinga at Neverwinter er det perfekte nettrollespelet for ein slik satsing:

«Konsollar passar perfekt for actionorienterte nettrollespel som Neverwinter, og vi er kjempeglade for å vere ein av dei første utgjevarane som tilbyr premium gratisspel til dei nye plattformene. Å ta Neverwinter til Xbox One er ein viktig prestasjon for Perfect World, sidan dette er vårt første steg for å tilby spela våre utanfor PC-marknaden.»

Neverwinter blei lansert på PC i fjor sommar. Sjølv om spelet absolutt hadde sine sider, var ikkje vår mann heilt overbevist etter å ha spelt det:

«Alt i alt er Neverwinter eit massivt online rollespill, forenkla i forhold til mange konkurrentar, men som samtidig lett står på eigne bein. Kampane er generelt sett gode, grafikk og presentasjon er bra, og det er mykje innhald i spelet. Av alle spel i denne sjangeren eg har spelt, er Neverwinter det som passar definitivt best i korte, små doser.»

Siste fra forsiden