Dying Light-studioet stoppar utviklinga av Hellraid

Det mørke fantasy-spelet er lagt på is.

Etter planen skulle Dead Island-studioets neste spel Hellraid lanserast mot slutten av året. Spelet er eit fantasyspel i førsteperson der du skal hakke, slå og skyte ned diverse demoniske beist med alt frå piler til magiske krefter. Om du er ein av dei som har sett fram til spelet har vi dårlege  nyhende å fare med. Utviklarane hos Techland har på bloggen sin fortalt at dei har valt å stoppe utviklinga av spelet.

Kan kome tilbake

Hellraid var ikkje godt nok.
Hellraid var ikkje godt nok. Bilde: Techland

Hellraid er teknisk sett ikkje kansellert, men utviklinga er lagt på is sidan Techland meinte spelet ikkje levde opp til standaren utviklarane hadde sett for seg sjølve. Når vi får sjå meir til Hellraid er usikkert, men i blogginnlegget fortel Techland at spelet vil leve vidare, om enn med eit mindre fokus:

«Vi har kome fram til at det beste vi kan gjere no, er å sende Hellraid tilbake til teiknebrettet for å byggje det opp på ny. I mellomtida vil vi konsolidere ressursane våre, og fokusere på å utvide Dying Light-serien.»

Dying Light er Techlands førre spel, og blei lansert heilt i slutten av januar. Det er eit zombiespel i førsteperson som maktar å spytte nytt liv inn i zombiesjangeren ved å gje spelaren svært stor mobilitet i ei opa verd.

Techland har vore borti zombier før då dei skapte Dead Island-serien. Før det bygde dei seg opp eit namn ved å utvikle spel i den solide western-serien Call of Juarez.

Kommentarer (4)

Forsiden akkurat nå

Til toppen