Overwatch / Telenorligaen

Skjebneoppgjer for Lions i helga

Dersom laget vinn Overwatch-kampen tar dei fyrsteplassen i ligaen.

Her er Oslo Lions fra Gigacon 2016.
Eivind von Døhlen/Gamer.no

Oslo Lions Elektroniske Sportsklubb ligg førebels på ein andreplass i Telenorligaen, tre poeng framfor aNimus eSports. På søndag er det duka for kamp mellom dei to, og Lions har moglegheita til å ta fyrsteplassen i ligaen.

Dei to andre topplaga BX3 og Line skal kjempe 31. oktober.

Lions og aNimus spelte sist saman i den norske kvalifiseringsfinalen til King of Nordic: Overwatch Cup, der Lions slo aNimus 2-1. Det var ein kontrastfull kamp med eit dominerande Lions-lag på karta King’s Row og Hollywood, men aNimus var overlegne på Dorado.

Etter den norske kvalifiseringa blei Lions sendt opp mot andre nordiske lag i kvalifisering til sluttspel. Dei tapte 0-2 mot svenske OPS, og kom ikkje vidare.

aNimus ventar ein tøff kamp

aNimus har gjort nokre små endringar i laget sitt, då Morten «TheGoodOne» Trædal ikkje er med til helga. I det siste har han vore på sidelinja til laget, som manager.

– Me held for augneblikket på å byte om litt på spelarane for å sjå korleis det går. Han («TheGoodOne», journ.anm.) er framleis ein del av laget, men hoppar litt mellom rolla som spelar og manager på fulltid, seier Eivind Bakkane, styreleiar i aNimus eSports.

«TheGoodOne» har sjølv tru på siger til helga, men ventar hard motstand.

Espen «Aateigen» Aateigen er kaptein for Oslo Lions.
Eivind von Døhlen/Gamer.no

– Eg har sjølvsagt tru på ein siger, men veit at kampen om poenga kan bli tøff. Oslo Lions er særs gode, og har vist at dei fortener ein plass på topp i Telenorligaen, seier Morten «TheGoodOne» Trædal.

Lasse «Ahqua» E. Balto er tilbake på aNimus etter ein pause frå Overwatch, og tar over for sub-spelaren Jan Richard «Zappyro» Stene.

Lions har den siste veka hatt store omveltingar i oppstillinga si. Brage «Fresh» Kjærvik Andersen, Greger «Invision» Herland og Mikael «mkL» Skjønhaug er komne inn på laget, mens Martin «Rezident» Flaa Hvaal, Bjørn «SenseiBjarne» Erik Vikene Kongshaug og Vegard «Stalker» Kaupang forsvinn.

«Invision» har tidlegare vore del av Nordic Alpha, samt spelt på det norske landslaget i Overwatch World Cup. «mkL» har ein rolle som trenar for profflaget Luminosity Gaming, som blant anna har vore vertskap for stjernespelaren Brandom «Seagull» Larned. Brage «Fresh» Kjærvik Andersen har spelt for det norske laget Line, som for augneblikket er leiar i Telenorligaen.

Kampen visast direkte på TV 2 Sumo

Les også
Anmeldelse: Overwatch

DESSE SKAL SPELE FOR ANIMUS:

Vis mer

Ole Kristoffer «Pr0len»Landrø (Tank)
Vegard «Husky» Borøy (DPS)
Arnstein «Arnibarni» Pedersen (Support)
Hallvard «Hallix» Aanestad(Support)
Martin «Inzeye» Muldal (Flex)
Lasse «Ahqua» Balto (DPS)

Etter ein distribusjonsavtale mellom Gamer.no og TV 2, vil kampar frå Telenorligaen i Overwatch, League of Legends og Counter-Strike: Global Offensive sendast på TV 2 Sumo.

Kanalen vil vise tre kampar for kvar runde – ein fra kvart spel – og byrjar fyrstkomande søndag. Alle vil kunne sjå kampane gratis dersom ein registrerer seg. Den komande kampen mellom aNimus og Lions er ein av desse, som går av stabelen klokka 18:00 på søndag.

Les også: Spelarflukt frå Riddles Overwatch-lag »

Lions har vald å ikkje uttale seg i artiklar på Gamer.no, då Gamer.no ikkje ønskjer å følgje Lions policy rundt intervju.

Siste fra forsiden