Ein skikkeleg neglebitar

Den fyrste norske kvalifiseringa til King of Nordic gjekk av stabelen fredag.

På fredagskvelden var det klart for den fyrste kvalifiseringa til King of Nordic: Overwatch Cup. Gamer.no har ansvar for utføringa, som sendar eit lag opp mot dei beste laga frå Sverige, Danmark, Finland og Island, samt nokre av dei beste laga i verda. Turneringa har ein fyrstepremie på 40 000 kroner.

Fleire av Noregs beste Overwatch-lag stilte til start og det blei ei spanande kvalifisering med nokre overraskingar. Riddle, BX3, Oslo Lions og aNimus var dei klare favorittane i forkant av kvalifiseringa.

Allereie i den andre runden blei BX3 slått ut av laget Eternal GG, som ikkje har vore med i Telenorligaen. Kampen gjekk til 2-1, og ein av dei klare favorittane var slått ut. Oslo Lions kom seg til kvartfinalen, der dei tapte 0-2 mot Nordic Alpha, eit lag i andredivisjonen av Telenorligaen.

DESSE SPELAR FOR RIDDLE:

Norge Daniel «Eplejus» Nilsen (Flex)
Norge Petter «Dave» Stenhaug (DPS)
Norge Kristian «Tricky» Kovacs (Flex)
Norge Eskil «Eskil» Monsen (Support)
Norge Kristian «Liesin» Lie (Flex)
Norge Filip «maniox» Unander (Tank)

Nordic Alpha verka særs sterke, og slo Eternal GG 2-1 i semifinalen. Det var duka for ein kvalifiseringsfinale mellom Nordic Alpha og vinnaren mellom Riddle og aNimus. Etter ein særs intens kamp mellom aNimus og Riddle, gjekk sistnemnte av med ein 2-1-siger i den andre semifinalen.

Neglebitande finalekamp

I byrjinga av finalen verka det som at Nordic Alpha skulle stikke av med sigeren. Dei hadde ein imponerande fyrstekamp på Dorado, og klarte å ta alle tre punkta med to minutt igjen på klokka. Riddle hadde lite å stille opp med grunna Nordic Alphas sterke forsvar på det andre punktet, og klarte berre eitt poeng i fyrste kamp. Det stod 1-0 til Nordic Alpha, og det verka som Riddle ville slite med å gjere noko mot dei.

DESSE SPELAR FOR NORDIC ALPHA: 

Norge Jonas «AverageJonas» Navarsete (Main Tank)
Norge Greger  «Invision» Herland (DPS)
Norge Kha «iPN» Nguyen (Support)
Norge Kristian «Rikku» Sæther (Flex Tank)
Norge Stefan «ONIGOD» Fiskerstrand (DPS)
Norge Tobias «Globe» Klipper (Support)

Det andre slaget stod på Lijiang Tower, der laga gjekk fem hektiske rundar. Laga tar annakvar runde fram til det står 2-2, og den femte runden blir avgjerande. Nordic Alphas Stefan «ONIGOD» Fiskerstrand prega dei to fyrste kampane med hans sterke spel med Tracer og McCree, og det verka som han skulle dra laget sitt til siger i den siste runden på Lijiang Tower. Rett før overtid i den siste runden får Nordic Alpha pressa Riddle tilbake, og «ONIGOD» får eit drap på Lùcioen til Riddle. Det er fem mann på Riddle i live, mot Nordic Alphas seks. Riddle klarer likevel å snu situasjonen og tar runden. Det står 1-1.

Laga kjempar på Lijiang Tower.
Laga kjempar på Lijiang Tower. Bilde: Mikkjell Lønning/Gamer.no

– Eg såg at Zarya, Zenyatta og Lùcio var klumpa saman, så eg brukte ultimatangrepet til Tracer og håpa på det beste, men enda opp med å berre drepe Lùcio. Etter dette blei eg veldig desorientert og var usikker på kven eg skulle fokusere på, slik at eg gløymde av Genji som var bak meg, og han fekk «backstabba» meg, seier Stefan «ONIGOD» Fiskerstrand om situasjonen.

I den siste finalekampen valde laga å spele på «Hybrid»-kartet Numbani. Riddle fekk ein kraftfull start på angrepssida, og fekk vogna til det tredje punktet med meir enn tre minutt igjen på klokka.

Nordic Alpha sleit med å handtere Riddles solide forsvar på det fyrste punktet. Dei hadde nokre gode forsøk, men tida gjekk ut og Riddle gjekk av med sigeren.

Kontroversiell turnering

Svenske ESEN har utvikla turneringa i samarbeid med G2A. Tidlegare har turneringsansvarleg for ESEN, Jonathan Grotzinger sagt til Gamer.no at dei har sendt ut fleire invitasjonar til profesjonelle lag som Luminosity Gaming. Dette har ikkje vore så populært blant dei norske laga, då dette skulle vere ei nordisk turnering. Lagleiar frå aNimus, Morten «TheGoodOne» Trædal har tidlegare sagt at han var misnøgd med denne situasjonen. Riddles Flex-spelar Kristian «Tricky» Kovacs hadde dette å seie etter at dei vann kvalifiseringa:

– Me syns det er god trening for oss å møte internasjonale lag med tanke på at me berre har spelt med denne troppen i ei veke, men me er einige med aNimus. Me håpar at dette blir fiksa til neste King of Nordic: Overwatch Cup.

Spanande tid i vente

Kristian «Tricky» Kovacs.
Kristian «Tricky» Kovacs. Bilde: Riddle Elektroniske Sportsklubb

Den norske Overwatch-scenen er enno ung, men me har fleire sterke lag. Dei beste laga har mange spelarar som er godt oppe på topp 500-lista i verda. Det er enno tidleg å seie kven som er den klare favoritten i Telenorligaen, då me berre er i fyrste runde av eit heilt nytt konsept. 

I etterkant av kvalifiseringssigeren til Riddle har Kristian «Tricky» Kovacs god tru på lagets sjansar i Telenorligaen.

– Målet er jo å bli best. Det blei ein vanskeleg start på Telenorligaen mot Oslo Lions der me spelte uavgjort, men som sagt har me berre har hatt denne troppen i ei veke, difor syns me det gjekk greitt. Me kan ikkje enno seie korleis konkurransen ser ut, men me kjennar at me blir betre til å samarbeide for kvar einaste trening, seier Kovacs.

Neste runde i Telenorligaen byrjar måndag 5. september kl. 20:00.

Les også: Stor ny oppdatering endrar Overwatch sin konkurransemodus » 

Slik gjekk fyrste runde av Overwatch-Telenorligaen »

Resultatlista frå kvalifiseringa.
Resultatlista frå kvalifiseringa. Bilde: Skjermdump Gamer.no

Kommentarer (4)

Forsiden akkurat nå

Til toppen