Overwatch / Telenorligaen

Line viste kven som er kongane i Telenorligaen

Overlegen siger sikra tabelltopp for mikslaget.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det var duka for nok eit Overwatch-toppoppgjer i helga, mellom BX3 Elektroniske Sportsklubb og Line. Med endring i lagoppsett hos Line var det spanande å sjå korleis det skulle gå utan Brage «Fresh» Kjærvik Andersen, som har gått til Oslo Lions.

Line er satt saman av mekanisk sterke spelarar, utan at dei speler mykje saman med kvarandre til vanleg. Dei har vunne fleire kampar mot lag som øver vesentleg meir saman, og har vist at mekaniske ferdigheiter kan overgå godt lagspel.

– Det er litt sånn slag i andletet for dei som sit og jobbar dag ut og dag inn, sa ekspertkommentator Jonas «AverageJonas» Navarsete under sendinga på TV 2 Sumo.

Overlegen siger for Line

DESSE SPELTE FOR BX3

Vis mer

Stein «Wilmann» Wilmann (Kaptein)
Steffen Bass «PhnienGG» Wilumsen
Erik «Chi» Mundheim
Sebastian «Sebbern» Eckbo
Georg «Tubageorg» Hagenborg
Ruben «Epicmouse» Hustoft

DESSE SPELTE FOR LINE

Francesco «Bimbz» De Luca
Teodor «Makkapakka» Fagerås
Nikola «N1KOLA» Svensson
Atle «Bulldoq» Hansen
Henrik «rico» Jensen
Harald «Beezy» Hansen

Kampen byrja på Dorado, med eit aggressivt BX3 på angrep. Dei fekk til nokre gode kampar på det fyrste punktet, men blei stoppa av Line før det andre punktet. Line gjorde kort prosess av BX3 på angrepssida, og dei vann det fyrste kartet komfortabelt. Det var litt jamnare på King’s Row, men stort spel av svenske Nikola «N1KOLA» Svensson på Genji og Pharrah drog kartet i land for Line.

Line byrja sterkt på forsvarssida av Numbani. BX3 tok det fyrste punktet, men kom ikkje langt. På angrep fekk ikkje Line punktet før på overtid, men klarte å opparbeide seg moment og vann kampen kort tid etterpå.

Det stod 3-0 før Hollywood, der BX3 prøvde å få med seg eit kart før slutt. Hollywood var på lang veg den jamnaste kampen, men Line vann der òg. Det enda 4-0 til Line etter helgas kamp, som tar ein solid leiing av tabellen i Telenorligaen. Grunna tap var BX3 avhengige av at Riddle måtte slå aNimus for å kome til sluttspelet, men den kampen enda uavgjort.

Line tar tabelltoppen etter kampen, og får dra til sluttspel med ei komfortabel leiing. Tank-spelaren deira, Harald «Beezy» Hansen, har tidlegare fortald Gamer.no at dei vil spele meir saman viss dei kjem til sluttspelet.

Les også: Line meiner dei har fått fyrstedivisjonen i Telenorligaen til å sjå ut som barnemat »

Siste fra forsiden