E-sport Overwatch / Telenorligaen

Espen Aateigen har stor tru på den nye lagoppstillinga. (Bilde: Eivind von Døhlen/Gamer.no)

– Me siktar nok mykje meir mot internasjonalt spel

Det seier lagleiar i Oslo Lions etter kampen mot aNimus.

Søndag kveld gjekk Oslo Lions og aNimus opp mot kvarandre i Telenorligaen. Det var duka for storkamp der Lions hadde moglegheit til å ta tabelltoppen, og mange var spente på korleis dei ville gjere det på grunn av omfattande endringar i lagoppstillinga deira.

Lions nye spelarar var særs positive til rollane sine på laget før kampen på søndag, og til dels kjepphøge.

– Eg ser fram til å representere Oslo Lions i vrakgodset som blir aNimus. At sendinga blir direktesendt på norsk fjernsyn vil berre gjere det betre, sa Brage «Fresh» Kjærvik Andersen i ei pressemelding frå Lions.

Se kampen mellom Lions og aNimus i reprise her »

aNimus ute etter revansj

DESSE SPELTE FOR ANIMUS:

Norge Ole Kristoffer «Pr0len» Landrø  (Tank)
Norge Vegard «Husky» Borøy (DPS)
Norge Arnstein «Arnibarni» Pedersen (Support)
Norge Hallvard «Hallix» Aanestad(Support)
Norge Martin «Inzeye» Muldal (Flex) 
Norge Lasse «Ahqua» Balto (DPS)

Lions og aNimus kjempa sist saman i den norske kvalifiseringa til King of Nordic: Overwatch Cup, der Lions vann 2-1. aNimus-trenar Morten «TheGoodOne» Trædal var ute etter revansj, men var litt meir nøktern om vinnarsjansane i forkant av kampen enn Lions. Han meinte at det nye Lions-laget ville bli vanskeleg å slå.

Kampen starta på Nepal, som blei vald av aNimus. DPS-spelarane prega kampen med godt mekanisk spel, men det blei mykje att og fram med nokre tvilsame avgjerder frå begge lag. Runden gjekk til overtid før aNimus fekk eit lite overtak, og tok det fyrste poenget.

Dei to neste rundane var òg jamne, men Lions viste seg fram med betre lagkampar. Lions får to knappe sigrar på Sanctum og Village. Den siste runden går hardt for seg, og endar 100-85 til Lions, som vinn den fyrste kampen. 

Vasstett forsvar av Lions på Dorado

DESSE SPELTE FOR LIONS:

Norge Espen «Aateigen» Aateigen  (Support)
Norge Mikael «mkL» Skjønhaug (Support)
Norge Jørgen «Decod» Myrlund (Tank)
Norge Brage «Fresh» Kjærvik Andersen (Tank)
Norge Greger «Invision» Herland (DPS) 
Norge Christer «Iko» Ringelien (DPS)

I den førre kampen mellom Lions og aNimus spelte sistnevnte særs bra på Dorado, og dominerte Lions. Denne gongen skulle det bli annleis.

Lions byrja på forsvar der dei spelte veldig aggressivt. Gong på gong fekk dei pressa aNimus tilbake, og dei straffa aNimus hardt for å splitte opp. Med berre ti sekund igjen på klokka klarte aNimus å vinne ein lagkamp, og fekk dytta nyttelasta 66 meter forbi det fyrste punktet før tida gjekk ut.

På angrepssida spelte Lions rundt Hanzo og Roadhog, og klarte å ta nyttelasta frå aNimus etter eit knapt minutt. Dei tusla inn mot mål utan nemneverdig motstand, med særs god tid. Greger «Invision» Herland plukkar heile fem aNimus-spelarar ved mål, og dro i land nok eit poeng.

– Eg fekk eit tidleg drap på Ahqua, som spelte Mei, som gjorde at laget raskt kunne angripe gjennom flaskehalsen. Deretter var det berre om å få bygd opp Brage «Fresh» Andersen sitt ultimatangrep på Zarya. Så ja, det er kjekt med litt «flashy» spel i ein kamp som denne, og spesielt no som den blei vist på TV, seier Herland til Gamer.no.

aNimus-trenar Morten «TheGoodOne» Trædal blei overraska over kor gode Lions hadde blitt, men laget tenkte ikkje over dei to fyrste rundane.

– Me undervurderte Lions mykje meir enn det me burde, og det straffa seg veldig. Mentalt sett så var laget klart for neste kart og tenkte ikkje noko over dei tidlegare tapa, sa trenaren til Gamer.no.

LES OGSÅ: Telenorligaen vises nå på TV 2 Sumo »

 aNimus blei knust på Temple of Anubis og Numbani

Då Lions byrja å bli varme i trøya, var det lite aNimus kunne stille opp med. Den tredje og avgjerande kampen på Temple of Anubis gjekk særs smertefritt for seg for Lions. På angrepssida makta ikkje aNimus å ta det fyrste punktet i det heile, sjølv med ekstremt aggressivt spel frå fyrste sekund. aNimus spelte Widowmaker for å plukke heltar og opne opp punktet, men det fungerte ikkje for dei.

Med Lions på angrep tok det eit knapt halvminutt før dei hadde kontroll over det fyrste punktet. Ole Kristoffer «Pr0len» Landrø gjorde ein god jobb med Reinhardt, men «Fresh» klarte å ta ned fire av aNimus sine spelarar, og Lions tok poenget og vann kampen.

Her er Oslo Lions fra Gigacon.
Her er Oslo Lions fra Gigacon. Bilde: Eivind von Døhlen/Gamer.no

På Numbani hadde Lions allereie vunne, men begge laga gjorde ein iherdig innsats for å ta det siste kartet. aNimus fekk ikkje tatt det fyrste punktet her heller, mens Lions raste inn til ein kjapp siger. Kampen enda 4-0 til Lions.

Espen «Aateigen» Aateigen fortel til Gamer.no om gode resultat i private kampar i den siste tida, og ser ei ljos framtid etter den knusande sigeren mot aNimus.

– Denne sigeren mot aNImus seier nok meir for dykk enn oss. Ut frå uoffisielle kampar dei siste vekene, så trur eg framtida vår kan sjå veldig ljos ut. Me har absolutt tru på siger i Telenorligaen, og skal gjere vårt beste for å sikre dette, seier supportspelaren i etterkant av kampen til Gamer.no.

Tre inn, tre ut

Brage «Fresh» Kjærvik Andersen, Greger «Invision» Herland og Mikael «mkL» Skjønhaug er komne inn på Lions, mens Martin «Rezident» Flaa Hvaal, Bjørn Erik «SenseiBjarne» Vikene Kongshaug og Vegard «Stalker» Kaupang forsvann sist veke.

Supportspelar Aateigen fortel at laget ser mot den internasjonale scenen, og vil at spelarane skal halde seg samla i staden for å gå til internasjonale topplag ved eventuelle tilbod.  

– Me siktar nok mykje meir mot internasjonalt spel, men me har planar om å klare det saman som eit lag. Noko eg også trur me har ein god moglegheit til å klare, seier han til Gamer.no.

aNimus vil jobbe for å forbetre laget

I etterkanten av kampen legg aNimus fokuset på å arbeide framover mot neste utfordring, og går tilbake til ein utprøvd lagoppstilling med «TheGoodOne» som tank-spelar.

– Gutta tok det litt hardt dei fyrste minutta etter den siste runden, men me tok ein snakk om kva me gjorde bra og kva som må fiksast på, så no ser me fram til å ordne opp i våre tabbar som lag og som individ. Med det sagt så hoppar eg no tilbake inn i laget slik at lagoppstillinga blir som det var da me fyrst byrja å spele for aNimus eSports. Me speler bra saman og har tru på neste Telenorliga-kamp mot Riddle, der me skal kunne gi mykje meir motstand enn det me gjorde mot Lions, seier trenar Trædal til Gamer.no.

Tank-spelar Ole Kristoffer «Pr0len» Landrø tar sjølvkritikk på vegne av laget, og meiner dei må jobbe hardt framover.

– Me har mykje å jobbe med når det kjem til lagarbeid og ser fram til arbeidet med det framover. Me har hatt ein lengre periode med lite trening samt ein del prøving av nye spelarar, som har gjort at me har falt litt tilbake i forhold til andre norske topplag. Lions har no skaffa seg ein veldig sterk oppstilling og har dedikert mykje tid til å trene. Me kjem til å studere våre tidlegare kampar nøyare, inkludert denne kampen, for å finne ut kva me kan gjere betre og annleis. Me har ofte måtte falle tilbake på våre individuelle speleferdigheiter, men slikt fungerer sjeldan mot eit så bra lag som Lions er no, seier han til Gamer.no.

Lions ligg no på tabelltoppen i Telenorligaen, men Line er rett i hælane deira med ein kamp mindre. Line kan ta tilbake fyrsteplassen viss dei vinn mot BX3 Elektroniske Sportsklubb 30. oktober.  

  • Tid: 23. oktober - 18:00
  • Spill: Overwatch
Telenorligaen: Overwatch - høsten 2016: 1. divisjon Gå til kampsiden

Kommentarer (0)

Forsiden akkurat nå

Til toppen