E-sport King of Nordic: Overwatch Cup

(Bilde: Mikkjell Lønning/Gamer.no)

No kan du melde deg på den siste kvalifiseringa til King of Nordic

Vil laget ditt stikke av med 40 000 kroner i King of Nordic: Overwatch Cup?

SLIK FUNGERER KING OF NORDIC: OVERWATCH CUP

Inntil fire nasjonale kvalifiseringer i Norge, Sverige, Danmark, Finland og Island. Vinnerne i hver nasjonale kvalifisering representerer sine nasjoner i en ukentlig TV-sendt turnering; King of Nordic: Overwatch Cup. Vinnerlaget her vil sikrer seg en plass i sluttspillet.

Sluttspillet består av de fire ukentlige vinnerlagene samt fire inviterte, profesjonelle Overwatch-lag. Her kjemper lagene om over 40 000 kroner i førstepremie.

Påmeldinga for kvalifiseringa til den fjerde og siste runden av Overwatch-turneringa King of Nordic er no åpna. Denne runda vil avgjere kven som sendast til å kjempe mot andre nordiske lag om plass i sluttspelet 5. oktober. 

Alle som ønskjer kan stille med lag og melde seg på via turneringssida til Gamer.no.

Kvalifiseringane arrangerast som eit samarbeid mellom ESEN og Gamer.no, der me har fått ansvar for å arrangere dei norske kvalifiseringane.

Turneringa skal gi lag frå Norden moglegheita til å spele mot nokre av verdas beste lag. ESEN har invitert Reunited, Rouge, Luminosity, MisfitsGG, Dignitas og OWKings. For å ha sjanse til å vinne fyrstepremien på 40 000 må ein nedkjempe nokre av dei profesjonelle laga. Norske spelarar har uttrykt ein viss skepsis mot å invitere proff-lag, men dei er positive for sjansen til å bryne seg mot verdseliten. ESEN fortel at dei har invitert laga for at turneringa skal nå eit breiare publikum.

God innsats av dei norske laga så langt

Dei norske laga har gjort det sterkt mot dei andre nordiske landa. Riddle Elektroniske Sportsklubb tok seg til finalen i den fyrste kvalifiseringa mot Finland, der dei tapte 0-2. Nordic Alpha vann den neste norske runden i finale mot Oslo Lions. Dei tok heim sigeren i den nordiske finalen mot danske Copenhagen Flames, og er no kvalifisert til sluttspelet. 

Då Nordic Alpha ikkje blir med i den siste kvalifiseringa, er Riddle, aNimus eSports, Line, BX3 og Oslo Lions dei klare favorittane. Riddles Kristian «Tricky» Kovacs har stor tru på deira vinnarsjansar.

– Me kjenner at me kjem til å ta kvalifiseringa. Gjekk ut mot Lions forrige, då dårleg kommunikasjon førte til eit tap. Me kjenner oss sikrare på denne kvalifiseringa, seier Kovacs. 

På fredag 23. september kan dei som ønskjer delta på den siste kvalifiseringa, som skal sende nok eit lag opp mot dei andre nordiske landa. Du kan finne deg eit lag på spelarmarknaden vår, eller rekruttere fleire spelarar til det du allereie har. Berre fire av seks deltakarar på laget treng å vere norsk statsborgar. 

Les også: Noreg røyk ut av Overwatch-verdsmeisterskapet »

Kommentarer (0)

Forsiden akkurat nå

Til toppen