E-sport
(Bilde: Scott Choucino/ESL)

Ny regel rystar Counter-Strike-verda

Trenarane får mindre handlingsrom.

Eit brev frå Valve har rysta Counter-Strike-samfunnet den siste dagen. Som lyn frå klar himmel har Valve bestemt at trenarar ikkje lengre kan vere del av Counter-Strike-kampar anna enn i pausar, oppvarming og «timeouts». Dette blir liknande det ein er vant med i sportar som fotball og handball, men er særs uvant for Counter-Strike-spelarane. For laga tyder dette vesentleg mindre kommunikasjon med trenaren.

Avgjerda frå Valve har ført til store protestar frå proffmiljøet til Counter-Strike. Mangfaldige profilar har gått sterkt ut mot den nye trenarregelen.

Protest og boikott-forslag

Reddit-brukar «t0astfairyCS» har samla inn meldingar frå over 40 proffspelarar og andre viktige personar i miljøet. Mange er særs misnøgde med valet til Valve, og kjem med sterkt motstand. Fans av spelet har tatt til sosiale media for å oppfordre boikott av den neste Major-turneringa, som får støtte frå Virtus.Pro-spelar Wiktor «TaZ» Wojtas.

Norske Håvard «rain» Nygaard la ut denne noko sarkastiske beskjeden på Twitter om brevet frå Valve-representanten:

ESEA Global Challenge LAN har gått ut og sagt at dei vil halde fram med vanlege trenarar, for så å vurdere moglegheitene etter sesongslutt.

 

Counter-Strike-analytikar Duncan «Thorin» Shields meiner Natus Vincere er blant laga som vil merke trenarregelen mest, då deira trenar er «in-game leader», altså den som bestemmer kva strategiar laget skal ta, og kva dei skal gjere. Natus Vincere vil antakeleg måtte gjere endringar i laget sitt viss Valve står på sitt.

Dette er brevet som blei sendt: 

Denne teksten har blitt sendt ut til alle profflaga.
Denne teksten har blitt sendt ut til alle profflaga. Bilde: Valve

«Med uavgrensa kommunikasjon med spelarane kan trenaren fungere som ein slags sjette spelar, og ikkje bare som ein kjelde til vegleiing og trening. Handlingar som å halde styr på økonomi, bestemme strategiar, og generell medvit er viktige delar av Counter-Strike. Viss ein person utfører desse handlingane, ser me på personen som ein spelar.

Sidan målet med turneringane våre er å identifisere det beste fem-manns Counter-Strike-laget som viser den beste kombinasjonen av alle Counter-Strike-ferdigheitar, er ikkje deltakinga til trenarane kompatible med det målet. For å takle dette problemet vil komande Valve-turneringar ha dei fylgjande reglane for trenarar:

  • I løpet av ein kamp kan trenaren bare kommunisere med spelarane under oppvarming, pause, eller i ein av dei fire 30-sekunders pausane som trenaren eller spelarane kan ta bruk av.

Tredjepartsturneringar kan sjølvsagt bruke dei reglane dei vil, men viss du ønskjer å ha same utgangspunkt som oss anbefaler me å bruke denne trenarregelen.»

Kommentarer (14)

Forsiden akkurat nå

Til toppen