E-sport Overwatch

(Bilde: Blizzard Entertainment)

Overwatch ute med stor oppdatering

Nytt kart og ny konkurransesesong ute på PC og Xbox One.

Overwatch har fått ei ny oppdatering til på PC og Xbox One som byr på omfattande endringar. Kartet Eichenwalde er no i spelet, saman med den nye konkurransesesongen. Denne oppdateringa var eigentleg venta 6. september, men dukka likevel opp no. Det er venta at PlayStation 4 får oppdateriga neste veke.

Blizzard har lagt spelmodusen Brawl til Eichenwalde denne veka, slik at alle får moglegheita til å prøve ut det nye kartet.

Endringar frå testserver-versjonen

Symmetra kan no formidle kor mange teleporterings-ladingar som er igjen.
Symmetra kan no formidle kor mange teleporterings-ladingar som er igjen. Bilde: Gamer.no

Gamer.no har dekkja mesteparten av denne oppdateringa tidlegare, då mange av endringane har vore oppe på testserveren i ei stund. På testserveren måtte ein leggja om spelestilen med karakterar som Genji, McCree og D.Va. Det er no kome nokre småjusteringar av den versjonen, på bakgrunn av tilbakemeldingar frå spelarane.

Du kan lese vår djupneartikkel om dei fyrste endringane her.

Blizzard har endra spelets kommunikasjonssystem ved at helten Symmetra seier kor mange som kan bruke teleporteren hennar viss ho trykkjer på status for ultimatangrepet sitt. Støtteheltar som Lúcio og Zenyatta får no eit teikn over hovudet sitt når dei blir spurd om hjelp frå andre, samt at dei seier at alle må samle seg for å bli lækja.

Soldier 76 si rifle vil bli meir «burst»-orientert, då han får meir rekyl om han skyter utan opphald. Dei fyrste fire-fem kulene har liten spreiing, men etter det blir det vanskelegare å treffe. Hanzo får òg ein liten smell, ved at pilene hans blir litt mindre. Bogeskytaren fekk ein solid oppjustering på testserveren sist månad, men mange har vore misnøgde med den, for han verka for sterk. 

I saman med dette fiksar Blizzard nokre småproblem knytt til «Custom Games» og resultattavla. 

Overwatch får ein veldig annleis konkurransesesong denne gongen » 

Kommentarer (4)

Forsiden akkurat nå

Til toppen