Counter-Strike: Global Offensive

SK Gaming signerer eit av verdas beste Counter-Strike-lag

Luminosity Gaming tar over for den dansk-svenske spelarstallen.

Det nye SK-laget, her fra ESL Pro League London.
Helena Kristiansson/ESL

Etter eit turbulent år med mange endringar i lagoppstillinga, har SK Gaming bestemt at dei ikkje skal fornye kontrakten til Counter-Strike: Global Offensive-laget deira.

Jacob «Pimp» Winneche forlot nyleg SK Gaming for Team Liquid, og Asger «AcilioN» Larsen fortel på Facebook at han ikkje ønskjer å fylgje laget vidare.

Brasilianske Luminosity tar over

24. juni blei det kunngjort at Luminosity Gaming kjem til å ta plassen til heile det dansk-svenske laget frå 1. juli. Det har vore mykje diskusjon rundt kontrakten mellom Luminosity Gaming og SK Gaming, men no har dei kome til ei avgjerd. Heile spelarstallen til Luminosity Gaming signerer for SK Gaming.

– Me er glade for å ha funne ei god løysing for alle dei involverte partane, seier administrerande direktør for SK Gaming, Alexander T. Müller.

Han meiner Luminosity Gaming er veldig flinke til å fremme nye talent, og har stor tru på det nye laget i komande turneringar.

NYE SK GAMING

Vis mer

Gabriel «FalleN» Toledo (kaptein)
Fernando «fer» Alvarenga
Marcelo «coldzera» David
Lincoln «fnx» Lau
Tacio «TACO» Filho

Luminosity Gaming sine brasilianske spelarar tar plassen til danskane, samt at Luminositys trenar Wilton «Zews» Prado og lagleiar Ricardo «dead» Sinigaglia blir med.

Laget har hatt veldig gode prestasjonar i 2016, og er rekna for å vere verdas beste. Bare sidan april har dei vunne tre store turneringar, deriblant MLG Major Championship: Columbus og ESL Pro League sesong 3.

Det dansk-svenske laget fortsetter utan organisasjon

Det tidlegare SK-laget.
SK Gaming

Spelarane på det tidlegare SK Gaming-laget vil bli organisasjonslause frå 1. juli, men har funne to nye spelarar som skal vere med dei vidare for å danne eit nytt lag. Førebels er det ikkje noko tilgjengeleg informasjon om kven laget vil gå over til.

– Det er på tide å avslutte eit kapittel og forhåpentlegvis starte eit nytt og betre. Takk for støtta, SK Gaming. Me har bestemt oss for å fortsette utan «AcilioN» og heller fylle oppstillinga vår med «valde» og «gla1ve», seier Michael «Friis» Jørgensen på Twitter.

Dei nye spelarane er danskane Valdemar «valde» Bjørn Vangså og Lukas «gla1ve» Rossander, som begge har spelt for Copenhagen Wolves tidlegare, og var med SK Gaming på DreamHack Summer som innbytarar.

Les også
– Alliance er som en familie for meg

GAMLE SK GAMING

Vis mer

Michael «Friis» Jørgensen (kaptein)
Valdemar «valde» Bjørn Vangså
Lukas «gla1ve» Rossander
Emil «Magiskb0Y» Reif
Andreas «MODDII» Fridh

Michael «Friis» Jørgensen er no den einaste spelaren på laget som har vore med frå byrjinga. I det siste har dei hatt nokre sterke enkeltkampar, og i mai tok dei andreplassen i CEVO Gfinity Pro-League sesong 9.

Den fyrste turneringa for det nye SK Gaming-laget blir ESL One Major i Köln 5.–10. juli, der dei skal kjempe om ein fyrstepremie på 4,2 millionar kroner.

LES OGSÅ: «Prime Matchmaking» gjekk ut av betafasen 16. juni.

Siste fra forsiden