Store kontrastar i finalekampen

Det gjekk hardt for seg i den fjerde kvalifiseringa til King of Nordic.

Fredag 23. september gjekk den siste kvalifiseringa til King of Nordic: Overwatch Cup av stabelen. Turneringa skal sende dei fremste laga i Norden opp mot nokre av verdas aller beste Overwatch-lag. 

Noreg har no sendt tre lag til nordisk kvalifisering, og Nordic Alpha har kome seg til sluttspelet.

Omkamp mellom storlag i semifinalen

Det fyrste store slaget stod i semifinalen, mellom Riddle Elektroniske Sportsklubb og aNimus eSports. Begge laga er i fyrstedivisjonen av Telenorligaen, og var favorittar i forkant av kvalifiseringa. Dei møttest i semifinalen på same vis som i den fyrste kvalifiseringa, der Riddle tok ein særs knapp siger over aNimus.

DESSE SPELTE FOR RIDDLE:

Norge Daniel «Eplejus» Nilsen (Flex)
Norge Petter «Dave» Stenhaug (DPS)
Norge Kristian «Tricky» Kovacs (Flex)
Norge Eskil «Eskil» Monsen (Support)
Norge Kristian «Liesin» Lie (DPS)
Norge Filip «Maniox» Unander (Tank)

Det var duka for ein omkamp. Riddle har enno ikkje tapt ein einaste kamp i Telenorligaen, og vann den fyrste norske kvalifiseringa til King of Nordic: Overwatch Cup. Dei kom seg til finalen mot dei andre nordiske landa, men tapte til slutt mot det finske laget MGOW.

Lagkaptein Kristian «Tricky» Kovacs hadde god tru på sjansane deira i ein eventuell ny nordisk kvalifisering.

– Kjenner at sjansane våre er større enn førre gong me kom vidare, men lag som Migraine er farlege etter vår meining. Me veit at det er stor sjanse for at Danmark får inn Copenhagen Flames, som og ser sterke ut, seier Kovacs i forkant av kampen.

Lijiang Tower blei vertskap for den fyrste kampen mellom aNimus og Riddle. Alle rundane var ganske jamne, men aNimus får eit lite overtak. Dei tar det fyrste kartet 3-1 etter sterkt lagspel.

Det går hardt for seg på Nepal mellom Riddle og aNimus.
Det går hardt for seg på Nepal mellom Riddle og aNimus. Bilde: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Andre kamp stod på nok eit King of the Hill-kart, Nepal. Laga fylgjer kvarandre tett på dette kartet òg, to av rundane går til overtid. Spaninga er i taket mot slutten av kampen, stillinga står 2-2. Det står om finaleplass for aNimus viss Riddle ikkje klarar å vinne kartet. aNimus pressar aggressivt, og tar punktet tidleg. Dei held Riddle tilbake i fleire minutt, fram til motstandarane tar punktet ved 69-0.

Riddle har eit godt forsvar, men tapar til eit koordinert angrep frå aNimus når stillinga står 69-67 til aNimus. Dei er samkøyrde, og held rekkjene mot Riddles angrep. aNimus vinn kampen 2-0.

Oslo Lions Elektroniske Sportsklubb spelte mot Pentafoil Gaming i den andre semifinalen, der Lions vann komfortabelt 2-0. 

Fleire endringar i lagoppsett

DESSE SPELTE FOR LIONS:

Norge Espen «Aateigen» Aateigen (Support)
Norge Jørgen «Decod» Myrlund (Tank)
Norge Christer «Iko» Ringelien (Flex)
Norge Bjørn Erik Vikene «Senseibjarne» Kongshaug (Flex)
Norge Vegard «Stalker» Kaupang (Support)
Norge Martin Flaa «Rezident» Hvaal (DPS)

Oslo Lions har nyleg bytta ut tank-spelaren deira, Kristian «Classie» Fratini med Jørgen «Decod» Myrlund. Support-spelar og lagkaptein Espen «Aateigen» Aateigen omtalar den nye spelaren i ei pressemelding frå Oslo Lions.

– Eg er nøgd med innverknaden «Decod» har hatt på laget vårt etter han kom hit. Han jobbar hardt, viser engasjement og han passar godt inn. Etter treningsleiren vår sist helg blei me mykje meir kjend med kvarandre, og no er me sikre på at me gjorde det rette valet ved å hente inn «Decod», seier Espen Aateigen.

Jørgen «Decod» Myrlund er begeistra for det nye laget sitt.

– Eg er veldig glad for å få vere med Lions, alle lagkameratane mine er venlege og imøtekomande. Me er godt samkøyrde både i spelet og som vener. (…) Dette er det laget eg har hatt mest framgang med, og det hjelper på sjølvtilliten at me gjer det betre og betre, seier Myrlund.

aNimus spelte heller ikkje med sitt vanlege lag, då kjernespelarane Morten «TheGoodOne» Trædal og Lasse «Ahqua» E. Balto ikkje var med. «Ahqua» har vald å ta ein pause frå Overwatch, og er midlertidig erstatta av Martin «Inzeye» Muldal. 

aNimus og Oslo Lions har spelt saman ein gong tidlegare i Telenorligaen, i kvalifiseringa til sesongstart. Fyrstnemnde vann 3-1 den gongen, men begge laga hadde anna lagoppstilling.

Lions dominerer på King's Row

Christer «Iko» Ringelien imponerer som Mei på King's Row.
Christer «Iko» Ringelien imponerer som Mei på King's Row. Bilde: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Oslo Lions byrja særs sterkt på det fyrste kartet. Dei får forsvarssida på King’s Row, med imponerande spel av Christer «Iko» Ringelien på Mei, samt kombinasjonen av «Aateigen» på Ana og «Decod» på Reinhardt. Gong etter gong stoppar dei angrepa frå aNimus. Angrepslaget får til slutt overmanna Lions, men det går godt inn på overtid på det fyrste punktet.  

aNimus er effektive med nyttelasta og dyttar den kjapt fram til det andre punktet, men der blir det stopp. Lions forsvar blir for sterkt, og «Decod» visar seg fram som ein god investering for Lions. aNimus får nyttelasta nokre meter forbi det andre punktet før tida går ut.

Lions er vesentleg kjappare på angrepssida, og tar punktet på fyrste forsøk. «Decod» og «Aateigen» er eit ustoppeleg par, dei ryddar opp i rekkjene til motstandarane kvar gong Reinhardt får Anas ultimatangrep. aNimus blir fullstendig overkøyrde, Oslo Lions tar ein lett siger på det fyrste kartet.

aNimus-support Arnstein «Arnibarni» Pedersen fortel korleis ein omstiller seg mentalt etter eit slikt einsidig kart.

– Dei fekk velje fyrste kart som me var dårligast på, men me venta ikkje å tape King’s Row så hardt. Men, sidan me får velje det neste kartet etter å ha tapt det fyrste, kjenner me oss meir sjølvsikre. Personleg tenkjer eg ikkje så mykje på at me tapar det fyrste kartet, eg tenkjer heller over kva me kan gjere annleis for å vinne det neste, seier Pedersen.

aNimus kjem sterkt tilbake på Dorado

DESSE SPELTE FOR ANIMUS:

Norge Ole Kristoffer «Pr0len» Landrø  (Tank)
Norge Vegard «Husky» Borøy (DPS)
Norge Arnstein «Arnibarni» Pedersen (Support)
Norge Hallvard «Hallix» Aanestad(Support)
Norge Martin «Inzeye» Muldal (DPS Sub) 
Norge Jan Richard «Zappyro» Stene (Tank)

Det såg mørkt ut for aNimus etter Lions sin dominans på King’s Row. Den andre kampen stod på Dorado, som aNimus hadde vald sjølv.

«Arnibarni» og co. byrja på forsvarssida, og klarar å vinne nokre viktige lagkampar. Det held ikkje heilt til å stoppe Oslo Lions framgang, men dei får dratt ut tida. Lions kjem i mål med over to minutt igjen på klokka, så det ville bli vanskeleg for aNimus å vinne.

På angrepssida ser ein fort kvifor aNimus valde Dorado som sitt kart. Plutseleg er det Lions som har særs lite å stille opp med. aNimus rasar framover med nyttelasta, med «Arnibarni» og «Zappyro» i spissen på Reinhardt og Ana. Dei tar dei rette vala, og vinn alle lagkampane etter det fyrste punktet. Dei kjempar seg inn til siste punkt med nesten fire minutt igjen.

Sterk avslutning for Lions

Etter to einsidige kart var stillinga 1-1, og den avgjerande runden skulle stå på Hollywood.

Lions forsvar verkar solid, og dei klarar å halde det fyrste punktet heilt til tida går ut. Det går ikkje fult like bra for aNimus, som blir splitta opp og mistar punktet. Lions vinn kampen, og er vidare til den nordiske kvalifiseringa.

28. september vil Lions kjempe mot dei andre nordiske landa, før eit eventuelt sluttspel med Nordic Alpha og profflag frå andre delar av verda. Oslo Lions Elektroniske Sportsklubb viser at dei er i form med det nye laget og skal ha gode sjansar til å nå sluttspelet. 

Les også: Nordic Alpha er klare for King of Nordic-sluttspel »

Full resultatliste for kvalifiseringa.
Full resultatliste for kvalifiseringa. Bilde: Skjermbilete Gamer.no

Kommentarer (0)

Forsiden akkurat nå

Til toppen