E3 på Xbox Live

I neste veke startar årets E3, og som i fjor vil Microsoft gi folket heime ein sjanse til å ta del i moroa. Gjennom initiativet «Bringing it Home» legg dei ut nye demoar, videoar, tema og bilete frå nye spel. Dette blir gjort tilgjengelig frå 10. juli til 13. juli.

Du vil i tillegg få tilgong på Microsoft sin pressekonferanse (der alle dei store nyheitene vil bli annonsert) i etterkant, samt videooppdateringar direkte frå messa.

Microsoft har kunngjort ei liste med ein del av spela du vil kunne laste ned innhald for. Nøyaktig kva vi vil få frå kvart spel seier Microsoft ingenting om, men vi får satse på nokre saftige demoar. Til dømes slapp Microsoft ein Lost Planet demo under E3 i fjor, så vi skal ikkje sjå bort frå at vi har noko godt i vente.

Desse spela kjem det innhald frå:

  • Ace Combat 6: Fires of Liberation (Namco Bandai Games America Inc.)
  • Assassin's Creed (Ubisoft)
  • BioShock (2K)
  • Blue Dragon (Microsoft Game Studios)
  • Burnout Paradise (Electronic Arts Inc.)
  • Call of Duty 4: Modern Warfare (Activision)
  • FIFA Soccer 08 (Electronic Arts)
  • Guitar Hero III (Activision/RedOctane)
  • Lost Odyssey (Microsoft Game Studios)
  • Madden NFL 08 (Electronic Arts)
  • NCAA Football 08 (Electronic Arts)
  • Need for Speed: ProStreet (Electronic Arts)
  • Project Gotham Racing 4 (Microsoft Game Studios)
  • The Simpsons Game (Electronic Arts)
  • Tiger Woods PGA Tour 08 (Electronic Arts)
  • WWE SmackDown vs. Raw 2008 (THQ)

Kommentarer (7)

Forsiden akkurat nå

Til toppen