EA med ny strategi

Electronic Arts tek drastiske grep for å auke effektiviteten.

Gamesindustry.biz rapporterar at Electronic Arts er i ferd med å omstrukterere seg til fire einheiter. Dette er planen til John Riccitiello – EAs nye administrerende direktør – for å auke produktiviteten i selskapet. Kvar av dei fire einheitene vil rette seg mot forskjellige marknadar.

Adm. direktør i EA, John Riccitiello, har klare visjoner for spillgiganten.

Den største avdelinga blir EA Games. Denne vil handtere nokre av dei bestseljande titlane til EA. Dette inkluderar spel som Need for Speed, Command & Conquer, Spore og Medal of Honor. Sportstitlane blir som før innlemma i EA Sports. Denne avdelinga handterar blant anna store årlege seriar som FIFA og Tiger Woods.

EA vil i tillegg auke merksemda på alle typar spelarar ved å opprette EA Casual. Nettbasert speling, samt mobiltelefonar er noko som aukar drastisk i fortjeneste, og desse to felta vil bli ein del av prioriteten til denne avdelinga. EA Casual vil i tillegg arbeide med produkt for konsollar og PC, men meir informasjon om dette vil kome seinare.

The Sims får si eiga avdeling med det klingande namnet "The Sims". Denne serien er definitivt blant dei største suksessane på spelmarknaden, og det er nok ikkje så rart at EA vel å legge enda større fokus på å utvikle fleire spel. Heile reorganiseringa av EA er eit resultat av eit eksperiment der dei plasserte The Sims i ei eiga einheit.

Som eit resultat av dette hevdar Frank Gibeau, sjefen for EA Games, at EA vil oppnå ein mykje større effektivitet. Dei kan tillate seg å vere meir eksperimentelle, og dei vil samtidig kunne tilby fleire spel og tenester til kjernekundane.

Siste fra forsiden