Earth Defense Force 4 kunngjort

Kampen mot gigantiske insekt held fram i klassisk stil.

Om du aldri har vore i kontakt med Earth Defense Force-serien har du strengt tatt gjort deg sjølv ei solid bjørneteneste. Utgangspunktet for desse mildt sagt hysterisk morosame spela er svært enkelt. Du styrer ein soldat, du kan samle saman eit massivt arsenal med varierte våpen i alle fasongar, og på lettfatteleg og enkelt vis skal du skyte alt som rører seg.

Det som rører seg viser seg derimot raskt å vere enorme maurar, edderkoppar, og diverse robotar i skyskraparklassen. Tradisjonelt har japanske Sandlot stått for utviklinga av serien, og det førre Earth Defense Force-spelet frå dei var Earth Defense Force 2017 frå 2007. Vicious Cycle Software kom derimot med ein hakket meir amerikanisert variant i fjor med Earth Defense Force: Insect Armageddon.

Insektaction i Earth Defense Force: Insect Armageddon.
Insektaction i Earth Defense Force: Insect Armageddon.

Om dette ikkje var godt for deg, kan Famitsu via Gematsu no lette sløret på Earth Defense Force 4, den sanne oppfølgjaren til Earth Defense Force 2017. I motsetning til den Xbox 360-eksklusive forgjengaren blir dette spelet laga for både Xbox 360 og PlayStation 3.

Vi vil møte dei same enorme krypa vi er vande med, i tillegg til at vi får jamne alle bygningar med jorda. Ved sidan av den vanlege soldaten vi kjenner frå forgjengaren får vi no selskap av dei kvinnelege Wing Diver-soldatane. Som namnet seier har desse venger slik at dei kan skyte fiendar frå både vertikale og horisontale posisjonar.

Så mange detaljar har vi ikkje om det nye spelet, men vi blir lova ein fleirspelarmodus for «mange» spelarar. Kva det betyr vil berre tida vise. I mellomtida kan du sjå den første traileren nedanfor.

Earth Defense Force 4 blir lansert ein gong i løpet av 2013.

Les også: Insektene angriper PC

Trailer frå Earth Defense Force 4

Kommentarer (2)

Forsiden akkurat nå

Til toppen