Eidos Montreal-sjefen har sagt opp

Skuldar på dårleg kommunikasjon med leiinga i Square Enix.

Grunnleggjar og sjef for Eidos Montreal, Stephane D'Astous har sagt opp stillinga si. Grunnen til at han ikkje lenger vil jobbe for selskapet er stadig større ueinigheit med eigarselskapet Square Enix. Square Enix har ikkje nådd dei salstala dei har håpa på, verken for spel utvikla i Japan eller vesten, og situasjonen har vore så ille at Square Enix-sjef Yoichi Wada resignerte frå stillinga si tidlegare i år. D'Astous fortel til Develop at dei var ueinige om kva som måtte gjerast, og er ikkje nådig i sin dom over Square Enix:

«Mangelen på leiarskap, det manglande motet og den fråverande kommunikasjonen var så tydeleg at eg ikkje kunne gjere jobben min skikkeleg. Etter kvart innsåg eg at forskjellane våre ikkje kunne fiksast, og vi måtte difor gå separate vegar.»

D'Astous meiner Thief er på rett kjøl.
D'Astous meiner Thief er på rett kjøl.

Må lære seg å selje spel

I eit intervju med Polygon har D'Astous gått meir i detalj på kva han meiner er hovudproblema til Square Enix. Det viktigaste punktet hans er at han meiner selskapet rett og slett ikkje veit korleis dei skal selje spel:

«Vi gav ut tre AAA-spel på marknaden, og trass i dei flotte spela og den gode kritiske responsen klarte vi ikkje å nå dei finansielle måla våre. Det skaka folk. Vi er i ein situasjon der vi har veldig gode spel som kunne ha selt meir. Square Enix må ta det veldig, veldig seriøst. Fjoråret skulle ha vore ein home-run-sesong, men vi fekk ikkje ein einaste home-run.»

Etter dei labre salstala enda Square Enix opp med å omstrukturere selskapet og skifte om på posisjonar. Mangel på kommunikasjon førte til at D'Astous forstod veldig lite av kva som skjedde, og sjølv om at han informerte selskapet allereie i mars om at han kom til å slutte om ting ikkje skjerpa seg, forandra det ingenting.

Har trua på Thief

Sjølv om D'Astous no er ute av selskapet har han framleis stor tru på den jobben Eidos Montreal gjer, og då spesielt det nye Thief-spelet som jamfør rykta skal ha hatt ein vanskeleg utviklingsprosess.

«Eg har full tru på utviklarsida. Alt oppstusset rundt utviklinga av Thief var blåst ut av proporsjonar. Kvart einaste AAA-spel har oppturar og nedturar, og vi blei eksponert for publikum då vi var på vårt lågaste, men det er lenge sidan no.»

«Det nye teamet og den nye produsenten har snudd om på ting og dei gjer ein kjempegod jobb. Det er dette eg angrar mest på, at eg ikkje vil vere sjef for studioet som leverer Thief.»

Les også: Sniktitt: Thief
Les også: Thief lanseres også for dagens konsoller

Kommentarer (2)

Forsiden akkurat nå

Til toppen