(Bilde: Capcom)

Eit av spelverdas største ikon får særbehandling

Ny Mega Man-samling vil kaste glans over dei første spela i serien.

Mega Man er utan tvil blant dei meste kjende spelfigurane i verda. Om du var ung medan den første Nintendo-konsollen var det kulaste du kunne ha i hus, kunne du ikkje kome unna Mega Man. I desse dagar er ikkje Mega Man det same trekkplasteret det var før i tida, og mange av dagens unge er godt mogleg heilt ukjende med den blå helten.

Dette vil Capcom gjere noko med. Dei har hyra inn Digital Eclipse for å pusse opp dei seks første spela i serien. Samlepakka vil lanserast på PlayStation 4, Xbox One og Windows under namnet Mega Man Legacy Collection til sommaren, og ein 3DS-versjon lanserast til vinteren.

Vil vise spel same respekt som film

Gamle klassikarar blir pakka inn for ein ny generasjon spelarar.
Gamle klassikarar blir pakka inn for ein ny generasjon spelarar. Bilde: Capcom

Digital Eclipse er eit gammalt studio som blei oppretta i 1992 og spesialiserte seg i å lage emulere arkadespel. Dei blei etter kvart slått saman med andre selskap, men står no på eigne bein igjen. Dei har som formål å restaurere gamle klassikarar slik at dei kan bli ivaretekne og hugsa for ettertida.

I ei pressemelding fortel Mika Mika frå Digital Eclipse litt om filosofien deira:

«Kvar gong eit spel blir gjeve ut på nytt berre for å tene raske pengar, senkar vi verdien på historia enda litt meir. Vi meiner spel fortener meir en det, og vi har ein mistanke om at marknaden vil vere einig med oss.»

Fullt innblikk

Museumsmodus lar deg studere skisser og konseptkunst.
Museumsmodus lar deg studere skisser og konseptkunst. Bilde: Capcom

For å vise Mega Man-spela den respekta dei fortener, har Digital Eclipse utvikla ein eigen motor som skal gjenskape spela ned til minste detalj ved å nytt kjeldemateriale. I tillegg vil samlepakka by på diverse utfordringar der du til dømes kan bli sendt gjennom diverse utvalde nivå med berre ei helseline å leve på. Eventuelt kan du gå gjennom ei rekke sjefskampar på rekke og rad, for å nemne noko.

Om du gjer ein riktig god jobb vil du kunne klatre opp på dei nye poengtavlene, og video av prestasjonane dine kan bli lasta opp til nettet slik at andre kan sjå korleis du har handtert ulike situasjonar.

I tillegg til dette vil samlepakka by på ein database der du kan lese om alle fiendane i spelet, samt hoppe direkte inn i kamp mot dei for å terpe på ferdigheitene.

Det siste elementet i Mega Man Legacy Collection er eit museum der du kan studere konseptkunst og skisser frå utviklinga av dei seks spela.

Mega Man blei i si tid skapt av Keiji Inafune. Akkurat no er han i ferd med å gjere seg ferdig med sin andelege oppfølgjar til Mega Man; Mighty no. 9.

Kommentarer (7)

Forsiden akkurat nå

Til toppen