Intervju

Eksklusivt intervju om Batman Begins

Det neste Batman-spillet Batman Begins, basert på filmen med same namn, lovar å spre om seg med frykt. Vi har fått eit eksklusivt intervju med sjefprodusenten.

Side 1
Side 2

Det er åtte år sidan den forrige Batman-filmen slo ned som ein kalkun på glattis, og dei forskjellige Batman-spel har ikkje prestert stort betre. Den komande Batman-filmen har ny regissør, ny hovudrolleinnehavar og ei stjernespekka rolleliste. Det er klart det blir spel av sånt. Eit superheltspel litt utenom det vanlige, skal vi tro lovordene.

Det er Electronic Arts som dirigerar spakane til utviklerstudioa Eurocom Entertainment (konsollversjonane) og Vicarious Visions (dei handholdte versjonane). Vi har, som einaste medie i Norge, fått eit eksklusivt intervju med prosjektansvarlig Reid Schneider.

Når starta utviklinga av spelet?

- Vi begynnte å tenke på konsept og design for spelet ca atten månadar sidan. Kort tid etter det starta vi samarbeidet med Eurocom. Samtidig med det såg vi gjennom konseptbilder, produksjonsdesign for filmen, og hadde møter med Warner Brothers og filmens produksjonsstab.

Kva form for erfaring bringer teamet til prosjektet?

- Vi er veldig heldige for å ha ei så erfaren gruppe som jobbar med dette prosjektet. Hos Eurocom har vi mange av dei same folka som har jobba med James Bond og Harry Potter-spela.

- På EA si side: forfattaren av skriptet, JT Perry, og eg har jobba saman hos Ubisoft på Splinter Cell. Vår sjefprodusent, Rob Letts, kom frå Activision der han har jobba på mange Marvel-titlar. Vår tekniske regissør, Gary Lake, har jobba på Chronicles of Riddick, og vår utviklingsregissørar, Nana Wallace og Tim Coupe har jobba på titlar for Maxis og Crytek.

Kva karakterar frå filmen vil vi møte? Vil spelet introdusere nye, eller kjende fiendar frå Batman-universet?

- Du vil finne alle dei sentrale karakterane frå filmen i spelet, inkludert Ducard, Ra’s Al Ghul, Alfred og The Scarecrow. Vi introduserar også spelaren for mange nye karakterar du ikkje får sjå i filmen. Vi brukar filmen som basis og retningslinje for historia, men vi utvidar også på denne.

Med tanke på at dette er eit filmspel, korleis vil dette spelet skilje seg frå havet av superhelt-spel?

- Dette er det første spelet som fokuserar på å bruke frykt som eit våpen. Batman som karakter er veldig interessant sidan han manglar superkrefter. Alle eigenskapane hans kjem frå hans indre styrke og mentale standhaftigheit. Dette er fundamentalt forskjellig frå andre superhelt-spel.

Korleis blir spelet strukturert? Blir det oppdragsbasert, eller meir som ei fri verd der du kan møte karakterar som gir deg oppdrag etter kvart?

- Spelet blir oppdragsbasert. Vi gjer dette fordi det lar oss lede spelaren og tilby ei fengslande filmatisk oppleving. Eg er ein stor fan av spel med ”frie verder”, men den type spel må passe til lisensen. I dette tilfellet bestemte vi oss for at ei meir tradisjonelt fokusert oppleving passa betre.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden