Intervju

Eksklusivt intervju om Batman Begins

Det neste Batman-spillet Batman Begins, basert på filmen med same namn, lovar å spre om seg med frykt. Vi har fått eit eksklusivt intervju med sjefprodusenten.

Side 1
Side 2

Kva forskjellige typar element vil de tilføye spelet? Action, sniking, køyring i batman-bilen, eller alt saman?

- Spelet fokuserar på å bruke frykt, stealth-action og kamp. Spelaren blir nødt til å svekke fiendane sine med frykt før han kan ta hand om dei, og halde seg i skuggane på riktig tidspunkt.

- Vi vil også tilby ein solid Batmobil-del. Spelestilen til Batmobilen brukar den same stilen som takedown i Burnout 3, men det visuelle frå Need for Speed i ei stilig Gotham-verd. Alle dei forskjellige oppdraga er ein del av ei større historie, og ein viktig del plottet. Det er verkeleg kult å kunne krasje bilar ut av vegen i 240 km i timen.

Filmen følgjer byrjinga på heile Batman-sagaen. Korleis vil dette påverke spelet. Vil det byrje når Bruce Wayne blir Batman, eller vil spelet utforske Bruce Wayne før han entrar rolla som den mørke riddaren?

- Begge deler. Du får faktisk spele som Batman i ei spanande åpningssekvens. Rett etter det hoppar vi tilbake til klosteret der Wayne lærer seg å bli Batman.

Batman har tradisjonelt sett mange kule innretningar. Korleis blir dette implementert i spelet?

- Eg trur ikkje du kan lage eit Batman-spel utan å gi han kule innretningar. Batman vil ha tilgong på Batarangs, Flash-Bangs, røykbomber, verktøy for å hacke datamaskiner, og meir.

Med tanke på at Batman er eit menneske, og eigentleg ikkje har superkrefter, vil spelet formidle dette på nokon mate?

- Dette er kanskje den mest interessante, og mest utfordrande delen av å lage eit Batman-spel. Sidan spelaren ikkje har superkrefter, vil han bli nødt til å stole på kampferdigheiter, observasjonsevne, og moglegheita for å slå frykt i fiendane sine som sine mektigaste våpen.

Kva er "fear mechanic"? Kan du forklare kva dette er, og gi eit eksempel på korleis det fungerar?

- Fryktmekanikken er det som gjer Batman Begins unikt. I spelet blir spelaren nødt til å svekke motstandarane sine ved å skremme dei. Når Batman skremmer fiendane sine, blir dei uberegnelege, kampferdigheitene og helsa deira blir dramatisk redusert, og av og til rett og slett legg dei seg langflate for deg.

- Som eit eksempel har vi ei scene som foregår på ein parkeringsplass i Gotham City. Her brukar Batman sin "divide and conquer"-ferdigheit til å skremme og svekke fiendane. Batman kan utløyse ein eksplosjon som skremmer nokre bøller, og får dei til å utføre åstaden. Dette etterlet ei bølle på parkeringsplassen. Som følge av dette kan Batman stupe ned frå takbjelkane og ta hand om han separat.

- På dette punktet har han raskt eliminert ein av fiendane sine. Dette aukar frykt-nivået til dei resterande fiendane, sidan kompisen deira har forsvunne. I motsetninga til andre snikespill, der du vil utløyse alarmen ved å utløyse alarmen, blir du i Batman Begins belønna for det.

Les også
Anmeldelse:

Vi takkar Reid Schneider og EA for intervjuet, og ynskjer dei lykke til med prosjektet som er på veg mot butikkhyllene ein gong i år. Vi kjem tilbake med meir informasjon så snart vi kan.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden