Emosjonelt farvel med Mass Effect

BioWare har kunngjort aller siste dose med ekstrainnhald.

Mass Effect-serien og kommandør Shepard har vore ein del av denne generasjonen konsollar nesten sidan starten. Det første spelet i serien blei kunngjort kort tid etter Xbox 360 blei vist fram for første gong, og då er det nesten berre passande at BioWare no fortel om den aller siste avslutninga for historia om Shepard rett etter at Sony har kunngjort sin nye konsoll PlayStation 4.

I ei pressemelding har BioWare i dag kunngjort Mass Effect 3: Citadel. Dette blir den siste utvidinga til Mass Effects 3, og her vil vi få det utviklarane kallar ei emosjonell reise før BioWare vender snuten mot det neste spelet i serien, som ikkje vil handle om Shepard. Vi møter kjende ansikt frå heile serien, og får utforske ukjende område på romstasjonen.

På tide å slappe av litt.

Når eventyret er over fortel BioWare vidare i sin eigen blogg at du kan bruke tida di på kasinoet i Citadel, herje litt i arenaen, eller møblere heimen til Shepard. Det ein kvar Mass Effect 3-fan alltid har drøymt om altså. Utvidinga er den største BioWare har gjort, og blir så stor at den må delast i to bitar.

Mass Effect 3: Citadel vil bli tilgjengeleg 5. mars og vil koste 15 dollar eller 1200 MS-poeng, men ei veke før, 26. februar, får vi servert den siste biten med gratis fleirspelarmoro i Mass Effect 3: Reckoning.

I Mass Effect 3: Reckoning får vi sju nye våpen, samt fleire nye karakterar i kampen mot Reapers.

Mass Effects 3: Citadel og Reckoning blir tilgjengeleg for både PlayStation 3, Xbox 360 og Windows. BioWare har ikkje sagt noko om kor vidt utvidingane dukkar opp på Wii U.

Les også: Neste Mass Effect bruker Battlefield-motor Les også: Dragon Age III: Inquisition kunngjort

Siste fra forsiden