Anmeldelse

Enclave

Enclave var eit av dei spela til Xbox som det var høge forhåpningar til, men som ikkje heilt leverte det vi var lova. Grafikken var nydeleg, men vanskelegheitsgrada var i meste laget for mange.

Side 1
Side 2
Side 3

Bretta var lange, og kunne berre lagrast når dei var fullførte. Kombinasjonen av desse faktorane førte til at skuffelsen var stor blandt mange som verkeleg hadde sett fram til spelet. Eit år seinare er PC-versjonen her, den lovar mange forbetringar til både grafikk og spelbarheit, og det kan verke som om Enclave endeleg har blitt det spelet Xbox-eigarane trudde dei skulle få.

Kjedeleg historie
Førsteinntrykket er at dei som kjøpte Xbox-versjonen blei snytt for eit veldig bra spel. For det første kan du no velje vanskelegheitsgrad før du set i gang. Du kan og velje kva kampanje du vil byrje med. I Xbox-versjonen måtte du først spele igjennom som dei snille og fredselskande menneska, før du kunne ta kontrollen over orkar og andre beist. Dette førte i Xbox-versjonen til at mange aldri fekk prøvd korleis det er å springe rundt som ei brutal drapsmaskin, sidan det var lett å gi opp før ein i det heile tatt fekk sjansen. At vi no kan finne checkpoints på bretta burde gjere dette mykje lettare, skjølv om du fortsatt ikkje kan lagre midtveis.

For dei som aldri har spelt Enclave, og ikkje har peiling på kva dette går ut på, så kan det seiast at dette er eit action-spel, som gjer alt det kan for å vere best på sitt område, men samtidig gir blaffen i alle andre. Vi blir lova ei gripande historie, men dette er berre vås. Noko av det som viser best at historia set seg i bakgrunnen, er korleis små filmsnuttar er implementert mellom bretta. Desse er så tåpelege og fulle av klisjear at det ikkje skal så mykje til for å misoppfatte spelet som det siste verket til Monty Python. Det kan verke som om Starbreeze fant dei billegaste skodespelarane dei kom over, når karakterane skulle få sine stemmer. Det er ikkje alle som er like ille, og nokre stemmer høyrest nesten truverdige ut, men ein får jo det ein betalar for. Vel du då å finne billege skodespelarar, blir gjerne resultatet deretter.

Handlinga i Enclave er ikkje stort betre. For mange, mange år sidan blei lys (menneske, alvar og andre snille humanoidar) og mørke (orkar, goblins og andre mindre snille humanoidar) separerte av ei svær kløft som delte jorda i to. Dette førte til at dei snille hadde det kjempefint i all sin harmoni og naivitet, medan dei mørke og vondskapsfulle rasane tørsta etter blod, og generelt hadde det ganske kjipt. No har i midlertid denne kløfta byrja å gro saman igjen, og at dei to svært så separerte sidene til slutt ryk saman i noko som berre kan beskrivast som eit valdeleg kapittel i verdshistoria, verkar noko uunngåeleg. Ikkje den mest lærerike historietimen i ditt liv kanskje, men det lovar unekteleg bra for eit spel med mykje action, og lite anna. Enclave er nesten det perfekte actionspel. Det er få detaljar å setje seg inn i før du set i gang, og kontrollsystemet sit som støpt etter første slag.

Mange forbetringar
I Xbox-versjonen brukte du analogstikkene til å bevege deg, noko som førte til at å treffe motstandaren din ofte blei vanskeleg. Kameraet hadde og ein lei tendens til å svinge opp og ned i alle retningar det ikkje burde, på akkurat dei stadane det var nødvendig med god sikt. Spesielt bruken av boge var innvikla, sidan det kunne vere vanskeleg å sikte på fienden medan du sprang bakover for å unngå å bli delt i to av ei øks. Eit enormt forbruk av piler blei då resultatet, og sjansen for å få igjen nye piler var liten. I eit spel med så høgt tempo, blei det raskt klart at spelet kanskje hadde hamna på feil plattform.

Alt dette er som eit gløymt kapittel i ei forelda historiebok. Denne gang brukar du musa til å sjå rundt deg, og eit standard WASD oppsett for å bevege deg. Du brukar venstre museknapp for å slå eller skyte, og for å gøyme deg bak skjoldet, eller bruke gjenstandar klikkar du på høgre knapp. Du kan ha maks. tre våpen til ei kvar tid, og desse blar du gjennom med Q. Kameraet kunne som sagt føre til problem i mang ein situasjon i Xbox-versjonen. Dette problemet er også ordna opp i. Kameraet sit stort sett som støpt bak deg til ei kvar til, men om du blir pressa opp i eit hjørne kan det til tider fortsatt bli litt uoversiktleg. I slike situasjonar glir kamerat over i førsteperson. Dette kunne sikkert fungert bra, om det ikkje hadde vore for at det har ein lei tendens til å skifte mellom tredjeperson- og førsteperson-modus i eit litt før høgt tempo. Kjem du inn i ein krok, får du ny synsvinkel, og flyttar du litt på deg er du tilbake til det vanlege, det heile blir berre eit forvirrande rot vi godt kunna ha greidd oss utan.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden