Enda eit Final Fantasy VII-spel?

Dette er eigentleg alt vi så langt veit om det siste produktet inspirert av Square Enix sitt legendariske rollespel, Final Fantasy VII. Dei to harde fakta vi får, er at det er eit spel for PSP, og at det er eit rollespel. Kva betyr dette? Kanskje kjem endeleg den ekte oppfølgjaren til Final Fantasy VII som alle har venta på?

Dette blir altså del fire i kompilasjonen til Final Fantasy VII. Til no har ein CGI-film ved namn Advent Children, eit mobilspel (Before Crisis) og eit actionspel (Dirge of Cerebrus) blitt annonsert. Fellestrekket ved alle desse titlane er at dei er høgt forskjellige. Der Advent Children er ein film som tek føre seg hendingane to år etter Final Fantasy VII, er Before Crisis eit spel som set deg inn i rolla som Turks, før Final Fantasy VII. Dirge of Cerebrus ser meir ut som eit tradisjonelt action-eventyr som går føre seg etter den kommande filmen.

Akkurat kva Crisis Core endar opp som gjenstår å sjå, men at den blir eit tradisjonelt Final Fantasy-eventyr er ganske usannsynleg, noko dei andre delane av kompilasjonen vitnar om. Fellestrekka mellom namna til Crisis Core og Before Crisis, kan også tyde på at desse to kanskje har noko med kvarandre å gjere. Foreløpig er uansett alt dette spekulasjonar. Detaljane om spelet er ytterst på, men vi kjem tilbake med meir informasjon, så snart den dukkar opp.

Kommentarer (5)

Forsiden akkurat nå

Til toppen