Endeleg Persona-slåssing i Europa?

Ventetida på det fargerike slåssespelet kan snart vere over.

I august i fjor blei Persona 4 Arena lansert i statane, under ein månad etter lanseringa i Japan. Dette slåssespelet frå BlazBlue-utviklarane hos Arc Systems Works let deg daske laus på vener og uvener med kjende og kjære Persona-karakterar. Spelet hentar sine krigarar frå både Persona 4 og Persona 3, og set dei opp mot kvarandre i ei turnering som utspelar seg nokre månader etter slutten på Persona 4, eit spel vi likte svært godt her i redaksjonen.

No er vi i januar og spelet har enno ikkje dukka opp i Europa. Kvifor det har teke så lang tid før spelet har dukka opp på våre trakter er det ingen som har eit veldig godt svar på, men no fortel Eurogamer at ting kan vere i ferd med å løyse seg.

Skjermbilete frå Persona 4 Arena.
Skjermbilete frå Persona 4 Arena.

På den europeiske Facebook-sida for Persona skriv den europeiske utgjevaren Zen Studios at dei har motteke PlayStation 3-versjonen av spelet. Når dei har motteke Xbox 360-versjonen vil begge bli sendt til sertifisering, og utgjevaren vil ha betre oversikt over nøyaktig når vi kan vente oss slåssespelet i butikkhyllene.

Den lange ventetida på Persona 4 Arena har vore frustrerande for fansen. Spesielt frustrerande har det vore at PlayStation 3-versjonen av spelet har fått regionsperre. Dette er ganske uvanleg for PlayStation 3-spel sidan maskina i utgangspunktet er sonefri. Dermed har det vore vanskeleg for spelarane å importere spelet, og dei har pent sett seg nøydde til å vente med svært lite å gå.

Vi får tru dagens oppdatering betyr vi ikkje har lenge igjen å vente.

Les også: Anmeldelse: Dead or Alive 5
Les også: Nedgangstid for slåssespela.

Kommentarer (7)

Forsiden akkurat nå

Til toppen