Enslaved kjem til PC

Det lekre eventyrspelet frå Devil May Cry-studioet får nylansering.

Før britiske Ninja Theory laga det fabelaktige actionspelet DmC: Devil May Cry for Capcom, slo dei seg saman med Namco Bandai for å skru i hop det flotte actioneventyret Enslaved: Odyssey to the West. Historia i spelet er basert på den kinesiske historia Journey to the West, og vi møter trekløveret Trip, Monkey og Pigsy som må kome seg gjennom ei vakker, men øydelagd verd.

 

Spelet blei lansert til PlayStation 3 og Xbox 360 hausten 2010, men fekk aldri ein PC-versjon. Det blir det no gjort noko med, sidan Namco Bandai ovanfor Polygon har stadfesta at spelet er på veg til Windows-maskiner i form av Enslaved: Odyssey to the West - Premium Edition. Denne utgåva av spelet kjem til både PC og PlayStation 3 seinare i oktober, men nokon Xbox 360-versjon ser ikkje ut til å bli inkludert denne gongen.

 

Fargerik dystopi.
Fargerik dystopi.

 

Nøyaktig kva som er forskjellen på standard-versjonen av spelet og Premium Edition har ikkje Namco Bandai sagt noko om. Nokre månader etter den opprinnelege lanseringa av Enslaved dukka derimot utvidinga Pigsy's Perfect 10 opp. Ein skal ikkje sjå bort frå at denne blir inkludert i den nye versjonen av spelet.

 

Vi var svært nøgde med det vi fekk erfare i Enslaved, og klinka til med åtte poeng i vår omtale:

 

«Dette er utvilsamt ei av årets største positive overraskingar, og sjølvsikkerheita det opptrer med gjer det vanskeleg å forstå at utviklar Ninja Theory kun har tre spel bak seg. Mekanismane er ein saleg gumbo av ting som har vore populære i spelindustrien dei siste åra, men måten dei kombinerast på er heilt unik. Samtidig får vi ta turen gjennom ei flott historie velskildra av dei mest fargerike og vakraste omgjevnadane i eit spel på ei stund.»

 

Les også: Devil May Cry-studioet byr på mobilslåssing

Les også: Anmeldelse: Metal Gear Rising: Revengeance

 

 

Kommentarer (11)

Forsiden akkurat nå

Til toppen