Entusiastar lagar eventyrspel i Sierra-stil

Gjengen som tidlegare har gjenskapt King's Quest prøvar seg på eigne bein.

Himalaya Studios er for mange betre kjende som AGD Interactive. AGD er gjengen som henta tilbake bortgløymde skattar som King's Quest- og Quest for Glory-seriane, og gav dei eit nytt liv med oppussa lyd og grafikk. Etter desse oppussingsprosjekta skapte dei det originale eventyret Al Emmo and the Lost Dutchman's Mine, der vi følgjer ein håpefull cowboy på jakt etter gull og rikdom.

No har studioet lansert sitt neste prosjekt. Mage's Initiation: Reign of the Elements blir eit klassisk eventyrspel i same stil som Quest for Glory og King's Quest. I spelet tek du på deg rolla som ein ung magikar som må bevise at han er god for tittelen som magikar. Du vel deg ein av fire magiklassar, og legg ut på eit eventyr der utviklarane håpar å vekkje nostalgien i deg.

Klar for eventyr?

Mage's Initiation er eit peik-og-klikk-spel i same stil som dei gamle Sierra-klassikarane, men du kan sjølv velje korleis du vil styre spelet. Du kan velje mellom å bruke ei menylinje i Sierra-stil, eller eit «myntsystem» liknande det mange av dei gamle Lucas Arts-eventyrspela brukte.

Mykje av fokuset i Mage's Initiation ligg forståeleg nok på å løyse gåter, men spelet vil innehalde solide mengder med kamp òg. Utviklarane lovar derimot at du ikkje må bruke tid på å kjempe mot beist for å gå opp i nivå, sidan erfaringspoeng og framgang i spelet heng saman.

Mage's Initiation: Reign of the Elements har vore på Kickstarter i eit par dagar no, og har kome litt over halvvegs mot målet på 65 000 dollar. Går alt etter planen vil spelet bli lansert februar neste år. Mage's Initiation er òg å finne på Steam Greenlight.

Les også: Quest for Glory-serien på GOG Les også: Eventyrspillenes utvikling – del 1

Siste fra forsiden