Epic Mickey 2 lev vidare

Deus Ex-skaparens nye Disney-eventyr kjem til PS Vita.

Å ha ein av verdas mest respekterte spelutviklarar bak rattet var ikkje nok til å gjere Epic Mickey 2: The Power of Two til ein suksess. Få månader etter lanseringa av det siste eventyret til Mikke blei det klart at Warren Spector og hans Junction Point studio ville bli nedlagt.

Nedleggingar er ikkje uvanleg i ein industri der eit einaste bomskot kan vere nok til å få skuta til å gå under, men med eit så stort namn som Warren Spector om bord var det noko uventa likevel. Den harde realiteten er at Epic Mickey 2 blei langt frå den suksessen Disney hadde håpa på, og slikt blir det nedskjeringar av.

Dei fleste hadde nok trudd eventyra til episke Mikke var over, men i dag har Disney via Twitter kunngjort at Epic Mickey 2 kjem til PS Vita i løpet av året. Nokon dato, detaljar eller kven som står for utviklinga av versjonen har dei ikkje sagt noko om.

Epic Mickey 2: The Power of Two fekk god mottaking her hos oss, og sjølv om spelet kunne vere ganske rotete, hadde det solid Disney-stemning:

«Epic Mickey 2 er eit spel med skikkeleg Disney-sjel. Musikaldelen er flott, kortfilmane vekkjer minner og kostyma du kan låse opp til både Mikke og Oswald får verkeleg nostalgipumpa til å gå. Å få ta del i ei verd fylt av Disney-attraksjoner og gode, gamle figurar gjer at dette spelet heile vegen kjennest som ei verkelig god Disney-oppleving.»

Les også: Warren Spector ute med Donald-tegneserie Les også: – Jeg må i terapi på grunn av deg!

Siste fra forsiden