Er du klar for å slå takta til meir Final Fantasy-musikk?

Theatrhythm: Final Fantasy Curtain Call kjem til hausten.

Om det er ein ting Final Fantasy-serien er kjend for, sånn ved sidan av turbaserte kampar og overdådig karakterdesign, er det musikken. Sidan starten i 1987 har komponist Nobuo Uematsu snikra saman den eine musikalske slageren etter den andre, og musikken hans har blitt så populær at det har blitt sett opp eigne symfoniar for å framføre den.

I seinare år har dyktige folk som blant anna Masashi Hamauzu og Hitoshi Sakimoto teke over denne jobben, men kvaliteten på låtutvalet har ikkje gått ned av den grunn.

For å heidre musikken i den over 25 år gamle serien lanserte Square Enix i 2012 rytmespelet Theatrhythm: Final Fantasy til 3DS. I dette spelet skulle du enkelt fortalt slå takta til kjende og kjære melodiar. Spelet blei ein suksess, og naturleg nok sette Square Enix i gong med ein oppfølgjar. I dag har dei sendt ut ei pressemelding der dei fortel at spelet som går under namnet Theatrhythm: Final Fantasy Curtain Call kjem til Europa, og får lansering til hausten. Dette òg kjem utelukkande til 3DS.

Tre gongar så stort

Ikkje eit Final Fantasy-spel utan ein chocobo.

Theatrhythm: Final Fantasy Curtain Call byr på over 200 ulike låter og 60 ulike figurar du kan spele med. Dette gjer oppfølgjaren tre gongar så stor som det første spelet.

I tillegg byr oppfølgjaren på eit par nye modusar. I Quest Medley vil du skifte mellom å spele reisemusikk og kampmusikk, medan du i Versus BMS-modusen vil kunne konkurrere med ein ven.

Det første Theatrhythm: Final Fantasy-spelet fekk særs god mottaking her hos oss, og Audun meinte det var eit spel både gamle og nye spelmusikktilhengjarar bør få med seg.

Square Enix har sørgja for at våren har vore hektisk for Final Fantasy-fans. I februar slapp dei Lightning Returns: Final Fantasy XIII, og i mars kom endeleg HD-versjonen av klassiske Final Fantasy X.

Siste fra forsiden