Er du klar for sniperaction i store område?

Sniper: Ghost Warrior-teamet har hyra inn Sniper Elite-produsenten.

Om du synest Sniper: Ghost Warrior 2 blei hakket for lineært, er det godt mogleg oppfølgjaren vil falle i smak. I ei pressemelding frå CI Games får vi i dag vite at CI Games har kunngjort at Sniper: Ghost Warrior 3 vil bli lansert i løpet av første halvår 2016. Ikkje overraskande vil spelet kome til PC, PlayStation 4 og Xbox One.

I Sniper: Ghost Warrior 3 vil vi få eit ikkje-lineært spel i ei stor, opa sandkasseverd. Spelet er sett til ei konflikt i Aust-Europa der tre rivaliserande fraksjonar skapar uro.

CI Games har hyra inn tidlegare Sniper Elite V2-produsent Steve Hart for å hjelpe til med utviklinga. Skjermbilete har vi ikkje fått.

Høgdetaljerte nakkeskot

Skjermbilete frå Sniper: Ghost Warrior 2.

I løpet av dei siste åra har det vakse seg opp eit solid publikum for sniper-spel. Der skal du ofte ligge i ro med ei sniper rifle, før du fyrer laus og får sjå kulene suse gjennom fiendane i sakte kino og med røntgenbilete på slep. Dei viktigaste konkurrentane på denne arenaen er utan tvil Snipe: Ghost Warrior-serien, og Sniper Elite-serien.

Sjølv om sniper-spel haustar solid popularitet blant publikum, lot vi oss ikkje overbevise av det førre Sniper: Ghost Warrior-spelet. Vi gav det fire poeng og meinte det bydde på eit kraftig bomskot for kvart blinkskot:

«Spelet er frykteleg lineært, og når dette strekk seg heile vegen til kvart enkelt skot ein avfyrer i løpet av kampanjens gang forsvinn utfordringa meir eller mindre heilt. På dei vanskeligare gradane er ein derimot ikkje utrusta til å klare seg fordi spelet aldri verkeleg fortel deg korleis ei kule oppfører seg i det den flyr ut av rifla di.»

Siste fra forsiden