Er Kingdom Hearts HD på veg til Europa?

Skodespelar vekkjer håp på Instagram.

Møtet mellom Final Fantasy og Disney kom nok som eit lite sjokk på dei fleste. Kingdom Hearts frå 2002 fekk likevel svært god mottaking, og bydde på eit fascinerande univers fullt av artige figurar og raske kampar.

I fjor kunngjorde Square Enix Kingdom Hearts 1.5 HD Remix til PlayStation 3. Denne samlepakka vil innehalde tre av dei så langt sju spela i serien. I tillegg til det første Kingdom Hearts-spelet får vi PlayStation 2-versjonen av Kingdom Hearts: Chain of Memories som først kom til GameBoy Advance. I tillegg til desse to spela byr samlepakka på ein filmversjon av Kingdom Hearts: 358/2 Days. Dette siste spelet kom i si tid til DS, men overbeviste ikkje oss i stor grad.

Kor vidt Kingdom Hearts 1.5 HD Remix kjem til Europa har Square Enix til gode å seie noko om, men no kan det likevel sjå ut til at det er håp i horisonten.

Gematsu kan fortelje at Jesse McCartney – skodespelaren som gjev stemma si til Roxxas i serien – har lagt ut eit bilete på Instagram med følgjande bodskap:

«Til alle Kingdom Hearts-fans. Spelar inn det neste kapitlet!»

Det kan sjølvsagt tenkjast at McCartney er i gong med eit heilt nytt uannonsert spel i serien, men det er meir nærliggjande å tru at dette gjeld nye opptak til HD-versjonen av dei første spela i Kingdom Hearts-serien.

I sommar kom Kingdom Hearts: Dream Drop distance til 3DS. Det fekk svært god mottaking her hos oss.

Les også: Tilbakeblikk: Kingdom Hearts Les også: Anmeldelse: Kingdom Hearts: Birth by Sleep

Siste fra forsiden