Er Minecraft for valdeleg?

Spelfenomenent blir etterforska i Tyrkia for å promotere aggressiv oppførsel.

Dei fleste har berre positive ting å seie som Minecraft, det vesle indiespelet frå Svergie som vaks seg opp til å bli eitt av dei største spela på marknaden. I Tyrkia er situasjonen derimot ein heilt annan, kan vi lese hos VG247.

Etter at den tyrkiske familieministeren Aysenur Islam fekk spørsmål frå ein journalist om kva ho ville gjere med spelet sidan spelarane får poeng for å drepe andre spelarar, har ei etterforsking blitt sett i gong. Målet er å finne ut om spelet kan promotere aggressiv oppførsel.

Meiner ungar blir slemme mot dyr

Avhengig av kven etterforskarane vil høyre på, kan framtida sjå mørk ut for Minecraft i Tyrkia. Den kliniske psykologen Alanur Ozalp meiner til dømes at spel som Minecraft har negativ innverknad på ungar:

Slår du denne sauen kan hunden din vere den neste.

«Dei klarar ikkje sjå forskjell på spelet og den verkelege verda. Når dei slår eit dyr, trur dei at dyret ikkje vil lide. Det gjeld ikkje berre dyr, dei er slemme mot venene sine.»

Slike påstandar om eit spel som over store delar av verda har blitt hylla for å promotere kreativ tenking høyrest kanskje noko bisarre ut for folk flest, og påstandane mot Minecraft møter motstand også i Tyrkia.

Barnepsykolog Emine Sword Zinner samaliknar Minecraft med Survivor-TV-serien, og at det er eit spel der spelarane skapar ei eiga verd dei må overleve i.

Den tyrkiske speljournalisten Kaan Gezer meiner på si side at oppstusset rundt Minecraft får spelindustrien i Tyrkia til å stagnere.

Skulle etterforskinga kome fram til at Minecraft er for valdeleg, kan spelet bli bannlyst i Tyrkia.

Om du har ei solid interesse for Minecraft, eller er interessert i spelets opphav, bør du få med deg vår feature om spela som har inspirert det svenske klossespelet (saka krev Ekstra-abbonement).

Siste fra forsiden