Et lass med nye PlayStation 4-spel på veg

Mykje spanande i vente på nyåret.

Under Sony sin pressekonferanse tysdag kveld fekk vi ikkje berre endeleg vite lanseringsdatoen til PlayStation 4, samt kva spel som blir tilgjengeleg på dag ein. Sony brukte samtidig høvet til å vise oss ei rekke nye eksklusive titlar som er på veg til konsollen i tida etter lanseringa. Heilt sidan PlayStation 4-kunngjeringa i februar har Sony demonstrert at dei satsar stort på indiescena og spel som ikkje heilt passar inn blant dei aller største produksjonane. No har dei vist fram mange av spela vi har i vente på nyåret.

Hell Divers-trailer.

Mange overraskingar

Ei av dei store overraskingane var ein ny versjon av det gamle Amiga-spelet Shadow of the Beast. I dette sideskrollande spelet tek du på deg rolla som eit beist og plogar deg veg gjennom bølingar med fiendar.

Minst like overraskande var at N++ kjem eksklusivt til PlayStation 4 i løpet av vinteren. Dette blir ein oppfølgjar til det hyperaktive plattformspelet N+ som dukka opp på Windows, Xbox 360, PSP og DS.

Super Stardust-teamet Housemarque har òg eit PlayStation 4-prosjekt på veg. Dette blir det eksplosive arkadespelet Resogun. Her kan du etter alt å døme vente deg saftige neoneksplosjonar og stor ståhei.

Frå Magicka-utviklarane hos Arrowhead Studios får vi derimot noko heilt anna. Dei serverer skytespelet Hell Divers, eit spel som kanskje ser noko grått og dystert ut, men som utviklarane lovar er satirisk så det held. Spelet sjåast ovanfrå der du aleine eller saman med andre skyt deg veg gjennom fiendane på tvers av PlayStation 4, PlayStation 3 og Ps Vita.

Shadow of the Beast-trailer.

Stor spennvidde

Sony viste fram mange actionfylte spel under pressekonferansen sin, men dei tok seg òg tid til mykje anna. Blant anna har Deadlight-utviklarane hos Tequila Works det nydelege spelet Rime på veg til PlayStation 4 og PS Vita. Alt som blei vist var ein kort trailer for eit spel som mest av alt ser ut som ei visuell blanding av ICO og The Legend of Zelda: Wind Waker.

Eit anna spel som ser svært spanande ut er Everybody's Gone to the Rapture frå Dear Esther-utviklarane i The Chinese Room. Dette spelet påstår å byrje når verda går under, noko som bør setje scena for noko ganske spesielt. Her tek du på deg ein vitskapsmann som må finne ut kvifor verda har gått under, og utviklarane lovar enkelt, men stemningsfullt gameplay i same gate som Dear Esther.

Nokre velkjende indiespel får i tillegg lansering på PlayStation 4 og PS Vita. Blant desse finn vi både kjende og ukjende spel som Hotline Miami 2: Wrong Number, og The Binding of Isaac: Rebirth, Rogue Legacy, Wasteland Kings, medan Thomas Was Alone-skaparen sitt neste spel Volume får same behandling.

I tillegg får Steampunk MMO-et Guns of Icarus Online ein PlayStation 4-versjon, medan PS Vita-spelet Velocity Ultra får ein oppfølgjar i Velocity 2X til PlayStation 4 og PS Vita.

På tampen av det heile fekk vi vite at Naughty Dog, Media Molecule og Santa Monica Studios er i full sving med nye prosjekt, utan at det bør overraske nokon.

Les også
Anmeldelse:

Les også: – Xbox One-responsen var en nyttig ressurs
Les også: PlayStation 4 får norsk pris

Siste fra forsiden