Anmeldelse

Etrian Odyssey

Langt, tregt og kjedeleg

Det er ikkje alltid så mykje som skal til for å forvandle gode idear til meiningslaus tidtrøyte.

Etrian Odyssey er ganske festleg i starten. Medan alt er nytt og spanande let du deg engasjere av den einsarta spelestilen Atlus serverer oss i denne omgang. I staden for å fokusere på definerte heltar med ein agenda, får du full kontroll sjølv. Det første du må gjere er å lage ei gruppe mektige krigarar. Du gir dei namn, vel klasse, og fordelar litt poeng på forskjellege eigenskapar, slik at dei skal vere klare til kamp. Du blir tidleg oppfordra om å tenkje nøye gjennom korleis du set saman gruppa di, men kor viktig dette er, blir likevel ikkje heilt tydeleg før du har fått nokre solide spark bak.

Etter at gruppa di er klar, er det ut på eventyr. Heile spelet går føre seg i Yggdrasil-skogen. Her er det olme beist som gjer livet surt for innbyggjarane i den vesle byen Etria. Spesielt møll og trerotter byr på problem, men ein og anna harepus kan òg vere årsak til stor liding og nød.

I utgangspunktet har du ikkje noko mål eller meining med det du gjer. Du berre går inn i skogen, drep fiendar gjennom eit enkelt turbasert kampsystem, sankar litt erfaringspoeng og plukkar opp gjenstandane fiendane etterlet seg. Du får kjapt nokre oppdrag, men desse går for det meste ut på å sanke så og så mange av ein gitt gjenstand, eller drepe ein haug med monster. Alle oppdraga dine gir deg gode grunnar for å gå ut i skogen og drepe monster. Er du flink vil du få pengar til å kjøpe nytt utstyr for, slik at du kan flytte deg lenger ned i skogen for å jakte på sterkare beist.

Akkurat dette med å gå lengre ned i skogen er noko eg stussar litt over i det eg vandrar gjennom Yggdrasil. Ikkje berre ser kvart einaste område fullstendig identisk med det førre, men sjølv om eg har gått ned ei trapp til nivå to, tre eller fire, kan eg sverje på at eg framleis kan sjå dei same tretoppane som eg såg i første etasje.

Detaljert gruppementalitet

Dette er likevel ting du lærer deg å ignorere. Sjølv om du gjer det same heile tida, er det ei markant glede i å byggje opp krigarane i gruppa di. Dei forskjellege klassane har alle sine spesielle eigenskapar, og å finne den rette kombinasjonen av klassar, er noko som vil kunne oppta mykje av tida di. Dette betyr sjølvsagt at det blir utskiftingar i gruppa di. Har du til dømes laga ei gruppe utan nokon til å lege såra dine, vil du innsjå at dette er eit feilgrep.

Generelt sett kan det bli ein del prøving og feiling, men i staden for å bli irritert over det, blir ein heller begeistra over å finne ei ny samansetning som fungerer mykje betre enn den førre. Å byggje opp nye karakterar tek ikkje mykje tid heller. Puttar du ein ny person inn i ei erfaren gruppe, kan du berre setje han i den bakarste av dei to rekkene du har tilgjengeleg i formasjonen. Dette vil for det meste halde han unna trøbbel, medan du slaktar fiendar for fote, og ser den nye pjokken vakse seg stor.

Det er først når alle har blitt store og sterke at spelet sine svært svake sider viser seg. Du innser for alvor kor mykje tid du har brukt på å gå fram og tilbake på eitt og same nivå i ei skummelt stor mengde med timar. Det er lett å bli litt provosert, for kva sit du eigentleg igjen med? Du har jobba hardt for å nå kva då? Ingenting?

Håplaus utfordring

Dette er berre småtteri i forhold til kva som ventar deg lengre ned i skogen. Det tek ikkje lange tida før du møter ein fiende som er så sterk at han lagar kjøtfarse av deg berre ved å sjå i din retning. Eit slag frå ein slik fiende, kan vere nok til å sende ein av heltane dine inn i draumane sitt rike. Du blir altså nøydt til å gå tilbake for å sanke fleire erfaringspoeng. Det er no, akkurat no, at du verkeleg blir provosert. Ikkje berre har du brukt usunt mange timar på å kome så langt, men no skal du jaggu gå fram og tilbake gjennom dei same nivåa igjen?

Det er provoserande, og når du når litt høgre erfaringsnivå, vil alle dei fiendane du no må kjempe mot bli tamt tidsfordriv. Du blir sterkare, du drep dei lettare, utfordringa er borte. Det einaste du sit igjen med er å gå fram og tilbake og sanke erfaringspoeng som betyr mindre og mindre. Alt for å kunne slå det patetiske monsteret som står i vegen for deg. Som om det ikkje var nok av frustrasjon, blir jo sjølvsagt monstra du møter etter dette sjefsbeistet, mykje svakare igjen.

Eg kan forstå kraftige monster, og eg kan akseptere det, men berre under rette omstende. Skal eg kjempe mot eit vanvittig beist, må spelet gi meg sjansen til å byggje meg opp. Det er her Etrian Odyssey feilar. Om du treng tusen erfaringspoeng for å nå neste nivå, endar du lett opp med å kjempe i timevis mot fiendar som berre gir deg ti til femten. Alt for å kome forbi eit enkelt beist. Det er ikkje akkurat engasjerande.

Hadde i det minste presentasjonen vore noko å skryte av, så kunne det ha hjelpt. Diverre er ikkje dette tilfelle. Som sagt ser alle områda heilt like ut, og det er dei same fiendane du møter gang etter gang. At all utforsking i spelet skjer i førsteperson gjer ikkje ting betre. Alt du ser er tre og kvistar som sprett fram i det fjerne, ingen personar eller andre skapningar. I kampane er det berre namn og tal som representerer gruppa di, og monstra er visualisert ved hjelp av enkle teikningar. Desse teikningane er i og for seg fine nok, men du bryr deg ikkje stort om dei etter ei stund.

I tillegg vil musikken som innleiingsvis er triveleg og søt, etter kvart gå deg på nervane. Ein ting er å høyre ein to minuttar lang melodi kontinuerleg gjennom ein halv time. Det blir noko anna når du strekker den halvtimen ut til å bli fem, ti, femten timar, og klokka går. Eg har enda opp med å slå av lyden, og setje på ein film medan eg spelar, det får i alle fall tida til å gå.

Konklusjon

Ikkje bry deg. Det er mitt eine og enkle råd. Etrian Odyssey har sine kvalitetar, men du skal vere veldig bestemt på å ha det koseleg med spelet om du skal vere i stand til å sjå dei over lengre tid. Dette er ikkje ein ny sjanger, det handlar utelukka om å knerte det eine monsteret etter det andre, og i så måte fungerer spelet godt. Problemet er kor lenge du må hakke laus på dei same monstera. Spelet har ein fatal mangel på progresjon, og du går rundt i dei same områda alt for lenge. Om ting hadde vore justert slik at du slapp å kjempe mot fiendar som nesten ikkje gir deg erfaring, kunne spelet lett ha blitt mykje betre.

Etrian Odyssey er som å sjå på eit uklårt bilete av tre og busker i fleirfaldig timar, medan du kontinuerleg trykkjer på ein knapp. Om det høyrest fett ut for deg, høgg innpå.

Merknad: Omtala er krydret med skjermbilete frå den japanske utgåva, i mangel på bilete fra den europeiske versjonen.

Siste fra forsiden