Piratar har knekt ein versjon av spelmediets hardaste kopisperresystem

Det tok sju månadar, men no har dei «cracka» Rise of the Tomb Raider.

Square Enix

Denuvo Anti-Tamper har vore eit sårt tema for enkelte dei siste åra. Ei lang rekkje spel brukar teknologien som har skapt mykje trøbbel for piratar.

Sist helg klarte crackeren «Volksi» å utnytte ein feil i kopisperresystemet som gjorde det mogleg å spele Denuvo-beskytta spel som DOOM på Steam gratis. I fylgje Volksi tok rundt 650 000 i bruk feilen han utnytta. Det tok Denuvo nokre dagar å korrigere dette problemet, men no har ei gruppe funne ei løysing for eit anna Denuvo-beskytta spel, Rise of the Tomb Raider.

Gruppa «CONSPIR4CY» står bak brotet på kopisperresystemet, som har gjort at piratkopiar av Rise of the Tomb Raider har gått som varmt kveitebrød på piratnettsider. Versjonen som ligg ute på nettet har alle dei nedlastbare pakkane også.

Andre Denuvo-beskytta spel har blitt piratkopierte det siste året, men det har blitt gjort ved å unngå Denuvo, ikkje ved å cracke. Det er litt diskusjon om kva spel som har blitt cracka, og kva spel som har blitt tilgjengelege via metodar for å kome seg forbi Denuvo.

Det er enno uvisst om dette vil gjere andre Denuvo-spel enklare å piratkopiere, då spela har litt forskjellege typar vern.

Omdiskutert programvare

Just Cause 3 fekk nesten 3DM til å gi opp.
Avalanche Studios

Sjølv om programvare som Denuvo gjer det særs vanskeleg å piratkopiere spel, er det mange som kritiserer kopisperresystemet. Eit hyppig argument er at eit program som fullstendig hindrar endring av .exe-filer vil gjere det særs vanskeleg å spele spel som kjem ut no, i framtida. Nyare operativsystem er ofte ikkje kompatible med eldre spel, som gjer at ein må endre eigenskapane til spelet for å få det til å fungere. Dette vil ikkje vere mogleg med eit system som Denuvo.

Rettane til spel med Denuvo-beskytting kan og bli eit problem, dersom selskapet går konkurs.

Tidlegare i år åtvara den kinesiske crackinggruppa 3DM om at piratkopiering kan bli umogleg om to år. Dei meinte at krypteringa vil bli så avansert at ein ikkje kan bryte den.

Siste fra forsiden