Etterlengta Final Fantasy-spel har fått dato

Og mobilt Final Fantasy-spel får Vita-versjon.

På ein pressekonferanse i Los Angeles under E3-messa i 2006 kunngjorde Square Enix heile tre nye Final Fantasy-spel. Det eine var Final Fantasy XIII som nett har blitt kunngjort for PC, det andre var Final Fantasy Versus XIII, eit spel som i fjor blei omdøypt til Final Fantasy XV. Det tredje og siste spelet var til mobil og heitte Final Fantasy Agito XIII.

Alle desse spela skulle dele ein felles mytologi, og gjekk under bannernamnet Fabula Nova Crystallis. Slik var i alle fall planen. Etter nokre år skifta Agito XIII plattform frå mobil til PSP, og skifta etter kvart namn til Final Fantasy Type-0.

Final Fantasy Type-0 blei lansert i Japan i 2011, men nokon lyd om når resten av verda fekk spelet i hende fekk vi ikkje før E3-messa i år, då Square Enix kunne berette at Final Fantasy Type-0 omsider ville kome til vesten, men i ein ny og flottare HD-versjon til PlayStation 4 og Xbox One.

Slik blir Final Fantasy Type-0 på PlayStation 4 og Xbox One.

Denne HD-versjonen har no fått dato, og vil i følgje Square Enix sin eigen blogg bli tilgjengeleg i Europa frå og med 20. mars. Som vi rapporterte om i går har Square Enix samstundes stadfesta at kvar kopi av Final Fantasy Type-0 HD vil kome med ein kode som lar deg laste ned ein demo av Final Fantasy XV. Denne demoen vil bli tilgjengeleg same dag som Final Fantasy Type-0 HD.

Nytt mobilspel kjem til PS Vita

I desse dagar går Tokyo Game Show av stabelen i nettopp Tokyo, og kunngjeringa av vestlege lanseringsdatoar er ikkje alt Square Enix har å by på akkurat no. Via Siliconera får vi vite at deira komande mobilspel Final Fantasy Agito òg vil bli lansert på PlayStation Vita tidleg neste år.

Spelet føregår i same verd som Type-0, men vil by på ganske ulike mekanikkar sidan det blir gratis å laste ned, men kjem med mikrotransaksjonar. Ein butikkversjon skal bli lansert samtidig.

Kor vidt Final Fantasy Agito kjem til Europa har Square Enix til gode å seie noko om.

Trailerar for både Final Fantasy Type-0 og Final Fantasy Agito kan du sjå nedanfor.

Siste fra forsiden