EVE-studioet har kunngjort EVE: Valkyrie

Teknologidemoen EVE-VR blir fullt spel.

VR-brillene Oculus Rift har teke verda med storm det siste året. I brillene tek du på deg eit kompakt brillesett der to linser viser ulike bilete for kvart auge. På denne måten forsvinn du heilt inn i ei anna verd. Fleire imponerande speldemoar og prototypar har blitt laga for brillene, men ein av dei mest imponerande er romskytespelet EVE-VR frå EVE: Online-skaparane hos CCP. I dette spelet tek du på deg Oculus Rift for å setje deg inn i cockpiten på eit lite romskip før du går i kamp mot andre skip.

EVE-VR var opprinneleg berre noko ei lita gruppe utviklarar hos CCP jobba med for å teste ut brillene, men etter massiv respons frå alle som har prøvd spelet, har dei no bestemt seg for å ta det heile eit solid steg nærare.

Dette blir en romkamp uten like.
Dette blir en romkamp uten like.

Frå demo til lansering

I dag har CCP gjennom ein kort YouTube-trailer kunngjort at EVE-VR skiftar namn til EVE: Valkyrie og kjem i sal til neste år.

Meir enn det seier ikkje CCP om planane sine akkurat no, men om du vil vite meir om dette fartsfylte spelet kan du sjekke ut vår sniktitt frå E3-messa tidlegare i år:

«Det er sjeldan eg spelar spel som får blodet til å pumpe i like stor grad som EVE-VR. Ved å byggje opp eit spel som let deg sitje naturleg i ein cockpit, medan du brukar Oculus Rift-brillene til å sjå rundt deg som om du faktisk var der, har gjengen hos CCP skapt noko heilt unikt. Det heile er uhyre overbevisande, og det tek verkeleg ikkje lange tida før hjernen din har lete seg lure til å tru at du er ein jagarpilot i rommet.»

EVE: Valkyrie blir ikkje det spelet der du får ta på deg rolla som jagarpilot i rommet. Star Citizen har hatt enorm suksess med folkefinansiering både på og utanfor Kickstarter, og er i skrivande stund farlege nære ved å nå vanvittige 16 000 000 dollar. Det er neste 100 millionar norske kroner.

Les også: Sniktitt: Oculus Rift: HD-VR
Les også: Star Citizen satte folkefinansieringsrekord

Kommentarer (8)

Forsiden akkurat nå

Til toppen