Anmeldelse

Evil Days of Luckless John

Grusom sjangermiks

Kun eit spørsmål trer fram som gjeldande akkurat no. Kor dårlig kan eit spel eigentlig bli?

Hat er eit svært sterkt ord. I dagligtalen prøvar eg å bruke det så lite som moglig, men akkurat dette spelet krev at eg likevel slår på stortromma. Eg hatar Evil Days of Luckless John.

Du kjem inn i spelet ganske brått og brutalt då onkelen til helten vår, John, har vorte drepen. John har arva eit kasino og med eit smil om munnen legg han på veg for å tene litt pengar på det. Uheldigvis er mafiaen ute etter kasinoet, og prøvar sjokkerande nok å drepe deg. Jaga av mafiaen må du løyse ei rekke oppgåver for å sleppe unna.

Før eg byrjar mishandlinga av resten av dette spelet, vil eg nemne at grafikken er det aller beste elementet, og det seier sitt om resten av dette makkverket. Tusenvis av grafikkfeil møter mine auger, figurane er stive og preglause og spelet hakkar med jamne mellomrom. Heller ikkje lyden er særlig imponerande. Stemmeskodespelet er slappt, og musikken gjentek seg sjølv kvart andre minutt. Desse feila vert likevel berre som dråpar i eit stort hav av elendighet.

Kontrollane som fortvilar

Evil Days of Luckless Johns største problem er kontrollane og navigeringa i miljøa. Å gå rundt i forskjellige rom er det tungvint nok med tanke på at du set deg fast i absolutt alt av arkitektur som er moglig. Samtidig gjer kameraet sitt aller beste for å få deg til å slå hovudet i veggen. Det har det nemlig med å vri seg i absurde posisjonar, gjerne midt i eit kritisk hopp i ein av plattformfasane vi finn i spelet, og sender deg dermed ned i syrebadet under.

Det aller verste av kontrolløysingar finn vi likevel når du får lov (les: må) til å sette deg inn i ein bil for å ta del i billøp, spritfrakting eller utforsking. Eg anar ikkje korleis utviklarane kunne legge frå seg spelet og påstå at denne mekanikken fungerte godt nok til ei utgiving. Avhengig av kva bil du må køyre, er kontrollane enten lite responsive eller overfølsame. Om du held svingeknappen for lenge i traktoren, står du plutselig med vraket i ein vegg. Om du kjem til ein brå sving med lastebilen kan du banne på at den ikkje svingar før du har truffe minst éit berg. Eg har like mykje kontroll over desse bilane som eg ville hatt over rekylen til ei elefantrifle.

Kven treng logiske løysingar?

I Evil Days of Luckless John må alt gjerast i riktig rekkefølgje. Du kjem deg ikkje vidare i spelet om du ikkje følgjer den absolutte rette ruta. Handling A må gjerast før Handling B. Ting A må plukkast opp før Ting B. Kvifor kan vi ikkje i det minste få ei lita kjensle av frihet? Berre ei lita ei? Ikkje snakk om, her må alt bli gjort til rett tid.

Stikkordet i Evil Days of Luckless John er «sjangerblanding». Av og til må du køyre bilar, av og til må du snike deg rundt om kring og av og til skal du i kamp med rotter. Det som er synd med dette oppsettet er at absolutt ingen av delane er gode. Snarare tvert imot, dei aller fleste er så dårlige at det gjer vondt djupt inne i hjartet mitt å prøve å sjå gjennom den omvendte logikken vi finn i dette spelet.

La meg gi eit eksempel. Eg er innelåst i eit lite rom, mens mafiaen prøver å bryte ned dørene. Eg må finne nøkkelen til bakdøra, slik at eg kan redde meg sjølv. Berre gløym å leite etter spor eller å gjere noko kreativt i MacGyver-stil, her er det kun eit objekt som er moglig å bruke: telefonen. John slår på tråden til ein gammal krok som har koden til safen der nøkkelen ligg. Koden er den same som den gamle mannen sin bursdag. Uheldigvis har fossilet gløymt den datoen og du må leite etter potensielle papir han har skreve den ned på. Når du først har fått tak i desse kan du gi deg i kast med å knekke koden. Likevel får du kun to forsøk før spelet røper heile gåta for deg og kverkar all kjensle av å ha oppnådd noko som helst dei siste fem minutta.

Resten av oppdraga er like hjernedaude og livlause. Eg skulle ynskje at eg kunne trekke fram kvar einaste feil og mangel som er i dette spelet, men då hadde det fått meir merksemd enn det fortener. Det aller beste du kan gjere etter å ha lese denne anmeldelsen, er å lukke den og gløyme at dette spelet nokon gong har eksistert.

Konklusjon

Få personar har nok høyrt om dette spelet. I mitt stille sinn ber eg om at det skal fortsette på den måten. Dette spelet verkar berre feil, ein dum vits av eit spel som eg hatar så inderlig mykje. Dei einaste kjenslene dette spelet har bringa med seg inn i min heim er sinne og frustrasjon.

Kontrollane er noko av det verste eg har opplevd i mitt liv. Alt kjennest som om det må tvingast i rett retning. Fastlåst handling, dumme gåter og håplause biloppdrag skuggar over alt av underhaldningsverdi dette spelet kunne hatt om det hadde fått ei overhaling. Om du har kjøpt dette spelet, hjelp meg å grave det ned i New Mexico-ørkenen der det høyrer heime.

Siste fra forsiden