Anmeldelse

Evil Genius

Du har nok tenkt tanken, berre innrømme det. Om du var usannsynleg rik ville du nok gjerne bygge din eigen base midt i eit fjell, og plyndre verda for det som plyndrast kan. Du har tenkt tanken ja? Tenkte meg det.

Side 1
Side 2

Inkarnasjonen av vondskap Dette bringer oss også over på avataren din, som du også kan styre direkte. Av og til er det lett å lure på kva han i det heile tatt skal vere godt for. Han kan ikkje gjere noko anna enn å ta livet av sine eigne folk, le av fangar, og gi litt innflytelse om moralen er dårleg. I tillegg flyttar han ikkje på seg med mindre du beordrar han til å gjere det, og du kan heller ikkje beordre han til å gå ei bestemt rute for å spre innflytelse over fleire folk over tid.

Det er forresten ikkje berre agentar som tek seg inn i basen din. Turistar er ei konstant plage. Kva dei i det heile tatt gjer på ei aude øy som denne er vanskeleg å forstå, men dei kjem seg inn og forbi alt du måtte setje i vegen for dei. Dei spring rundt som hylande og skrikande idiotar heilt til du tek livet av dei. Dette hadde ikkje vore noko problem om det ikkje var for at dei har ein lei tendens til å utløyse feller medan dine eigne undersåttar er i nærheita. Resultatet blir at det er folka dine som døyr, medan turistande fortset å springe rundt. Du kan bygge hotell for å halde dei okkuperte, men dette verkar ærleg talt ganske overfladisk og påklistra. Du bygger ein bygning til 100.000, men det er ingen som brukar den. Ikkje eingong undersåttane dine tek seg bryet med å jobbe der.

Trass i alt dette er faktisk Evil Genius eit ganske underhaldande spel. Du kan lenke saman feller for å skape store installasjonar som tek knekken på det meste, og variasjonen av rom du kan bygge er tilfredstillande stor. I tillegg er det ei solid dose humor, som er med på å gjere livet meir overkommeleg. Ta til dømes tortuisten som dansar trinna til Michael Jackson for å knekke offeret sitt, eller bruken av ein enorm miksmaster som torturmiddel. Menyane er også tydelege og lettfattelege. Når du skal bygge eit rom kan klikker du først der du vil bygge, og får då opp ei oversikt over kva du kan bygge. Alle rom og gjenstandar har eit lite ikon over seg du kan trykke på for å finne detaljert informasjon.

Grafikk anno forigårs Dei forskjellige romma og karakterane i spelet er temmeleg godt gjennomførte. Romma ser alle forskjellige ut, noko som aldri gir deg problem med å finne fram, og designen på folk er svært bra. Det er ikkje den grafiske prestasjonen som gjer seg sjølv nemneverdig, men heller måten den er gjennomført. Grafikken er enkel, og tekstureringa er begrensa, men skarp nok til at du kan sjå alle detaljar. Det som skapar liv i basen din er alle dei små detaljane. Alle små handlingar har animasjonar som verkeleg illustrerar kva som skjer. Ta til dømes når ein av tenarane dine skal forvirre ein fiendtleg agent. Han spring opp til agenten, og børstar kleda hans, før han polerar skoa. I visse situasjonar kan dette vere ei mykje betre løysning enn å slå på alarmen for å sjå basen din gå opp i flammar.

Bortsett frå den særdeles pompøse åpningsmelodien er det ikkje så mykje å snakke om når det gjeld musikk og lyd. Alle folk og alt utstyr har sine eigne lydar, men aldri noko som gir deg ei "Aha!"-oppleving. Musikken er den same atmosfæriske musikken som går i same toneleie heile vegen gjennom. Har du spelt andre spel i same sjanger veit du sannsynlegvis kva eg snakkar om. Ein litt morosam detalj er stemmene til leigesoldatane dine. Du har til dømes ein russisk desperado som høyrest ut som Arnold Swarzeneger på helium. Kvar gong du gjennomfører eit mål ein stad i verda vil du også få høyre radiosendingar frå det gitte område. Gjer deg klar for alle dei mest stereotypiske parodiar på alle folkeslag i heile verda, men morosamt, det er det.

Konklusjon Evil Genius er eit slikt spel der du ser alle feil med ein gong, før du innser at det etter kvart dukkar opp enda fleire ting som irriterar deg. Du riv deg i håret i frustrasjon, enten over dei inkompetente amøbene som liksom skal jobbe for deg, eller over at det går så inn i granskauen treigt til tider. Det er eit spel som openbart kun er for spesielt interesserte, enten om det gjeld superskurkar eller du er ein solidarisk fan av alt som minnar om Bullfrog. Det er eit av desse spela som faktisk greier å halde deg fast til skjermen, sjølv om du berre ser på folk gå fram og tilbake. Ein må jo berre finne ut kva det neste du kan bygge blir. Brått innser du at du burde ha lagt deg for lenge sidan, men kven bryr seg? Du er eit geni, og ingen kan stoppe deg.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden