Anmeldelse

F.E.A.R.

Dette er ein fabelaktig demonstrasjon i korleis du skal ta noko pent, og maltraktere det fullstendig.

Lær di lekse. Dette er korleis du skal gjere det om du verkeleg vil terge på deg folk som har venta på å få spele F.E.A.R. på PlayStation 3. Eg skal ikkje bruke så lang tid på å fortelje kva spelet i seg sjølv går ut på, det er nøyaktig same spel som kom til PC for om lag eit og eit halvt år sidan, og til Xbox 360 i fjor haust. Om du vil vite meir om kva spelet går ut på, kan du lese omtale av PC-versjonen her, og Xbox 360-versjonen her. No skal eg heller forklare deg kvifor F.E.A.R. på PlayStation 3 er fullstendig øydelagt.

Om grums og tåke

Har du nokon gong sett ein av desse hardt komprimerte filmsnuttane i eit spel? Du veit desse små filmane som driv historia vidare. Gjerne har utviklarane tatt i bruk spelmotoren for å lage filmane, men det er likevel noko feil med dei. Spelet er kanskje sylskarpt og pent, men under filmsekvensane er alt litt tåkete og uskarpt. Oppløysninga er gjerne dårleg, og alt ser ut som om det har blitt køyrt på ei maskin frå forrigårs.

Tenk deg no at spelet ser slik ut heile vegen gjennom. Tenk deg at alle teksturar er blasse og uskarpe. Tenk deg PlayStation 3-versjonen av F.E.A.R.

På Xbox 360 er kanskje ikkje F.E.A.R. blant dei aller flottaste spela, men det er likevel ein god port av PC-originalen. Det er pent, skarpt, og lyset er som det skal vere. Det er bekmørkt, og du veit sjeldan kva som skjuler seg bak neste hjørne. Du hentar fram lommelykta for å i det heile tatt kunne sjå noko, og heile vegen gjennom har du ei uggen kjensle i magen. Det er som om kakerlakkar har ete seg veg inn i tarmsystemet ditt, og no held fest i det som for ikkje så lenge sidan var maten din.

Du er litt redd.

Tenk deg no at lyset blir slått på. Kakerlakkane forsvinn ganske kjapt, for no er det ikkje mykje å bli redd av. Du innser at det som skapte den ugne stemninga var mangelen på lys. Akkurat no ser du det meste, og du innser at det eigentleg ikkje er skummelt lengre. Du har det ganske triveleg, for å skyte fiendar som for ein gongs skuld innehar litt intelligens, er ganske moro. Det var likevel så mykje betre før. Det var så mykje betre då du var redd samtidig. Då det kribla i magen og du telte kulene i magasinet. Då du lytta til stemmene i korridoren ved sidan av, og hoppa i taket når skuggen av ei lita jente seig forbi i augekroken din.

Du er ikkje redd no.

Du ser alt før det når deg, og dette er ikkje på grunn av HDMI-kablar eller gamma-instillingar. Dette er enkelt og greitt fordi lyseffektane i F.E.A.R. på PlayStation 3 er nedtona og dårlege i forhold til dei andre versjonane. Du kan skru ned lyset på skjermen din, men dette vil samtidig rote til instillingane for alt anna du vil bruke skjermen til, og hjelp eigentleg ikkje mykje. Action-sekvensane i F.E.A.R. er framleis intense og engasjerande, men det ekstra elementet som løfta F.E.A.R. opp over det å berre vere eit godt skytespel, blir øydelagt.

Skyting i bakvendtland

Men det er noko heilt anna som fullstendig slår bein om F.E.A.R.. Eg veit ikkje korleis dei har fått det til, men ved ein genistrek har utviklarane prestert å lage kontrollar med treg respons. Ikkje berre står spelet fram som tregt, men skytinga heng etter. Nokre gongar byrjar ikkje kulene å rulle ut av magasinet før eit eller to sekund etter at du trykker på knappen. Litt for ofte held du òg fram med å skyte lenge etter at du har slept knappen. Dette er ein fantastisk måte å bruke opp store mengder ammunisjon på så og seie ingenting, og det er heilt utruleg at dette har kome gjennom kvalitetskontrollen.

Eit anna problem er at du i fleirspelarmodusen ikkje har nokon måte å snakke med dei andre spelarane på. På PC har du tastaturet rett framfor deg, på Xbox 360 har du eit headset. Dette forkrøplar spelet til ei viss grad, men generelt er det akkurat same pakke vi har sett tidlegare. Det alvorlege etterslepet på skyteknappen fører også med seg eit par problem.

Konklusjon

Med mindre du berre har PlayStation 3, og på død og liv spele F.E.A.R., er det ingen grunn til å kjøpe dette spelet. Det er milevis betre både på PC og Xbox 360, og om du har eit alternativ, gå for det. Eg har vanskeleg for å i det heile anbefale eit kjøp om du ikkje kan velje. Spelet er ikkje det same, det er ein blass kopi som inneheld alt for mange element som trekk ned og øydelegg den stemninga dei andre versjonane bygde opp. Historia var kanskje aldri den mest gjennomtenkte, men den var godt og skummelt presentert, noko som i stor grad er borte no. Når dei fantastiske skytekampane spelet byr på i tillegg har ein tendens til å bli øydelagt av upresise kontrollar som gjer det umogleg å halde oversikt over kor mange kuler du har, endar du opp med eit trist og unødvendig spel.

Siste fra forsiden