Anmeldelse

F.E.A.R. Extraction Point

Om F.E.A.R. skremde deg frå sans og samling i fjor høst, er det ikkje garantert at du vil oppleve det same i Extraction Point.

Ekspansjonspakkar kan være så mangt. Nokre gongar får du noko som genuint forandrar og forbetrar opplevinga du fekk første gong. Andre gongar er det kun billegg pålegg for å tene nokre ekstra slantar. Ofte ligg det midt mellom, og Extraction Point er ikkje noko unntak. Vi får nokre få nye våpen, nokre få nye fiendar, men veldig mykje er ved det same. I F.E.A.R. sitt tilfelle er ikkje mykje av det same ein negativ ting. F.E.A.R. satte så og seie ein ny standard for skrekk og gru i skytespel, men av og til er det kanskje betre å la ein åpen slutt være ein åpen slutt.

F.E.A.R. var og er etter mitt syn eit av dei mest skremmande spela gjennom tidene. Ikkje fordi du nødvendigvis hoppar i taket kvar gong den vesle jenta viser seg på skjermen, men grunna den tvers igjennom ubehagelege kjensla som sitrar gjennom kroppen der du bit tenna saman medan auga er klistra til skjermen. I så måte er Extraction Point litt skuffande. Riktignok bygger spelet på det same som gjor F.E.A.R. så vellukka, men manglar samtidig det viktigaste. Der du sat i konstant uvissheit gjennom store delar av F.E.A.R., bryr du deg ikkje fullt så mykje om kva som skjer no. Det meste som skjer i denne utvidningspakka framstår mest som svakt påklistra grunnar for å spy ut eit produkt vi eigentleg ikkje treng.

Smør på flesk

Strengt tatt hadde F.E.A.R. vore betre om vi ikkje fikk vite kva som skjer etter rulleteksten. Historia blir som ein dårleg og forutsigbar Hollywood-film samanlikna med originalen. Eit helikopter krasjlandar, alle overlev, og må legge ut på ei ny jakt gjennom mørke korridorar. Både soldatane og Paxton Fettel er, trass alle forsøk på logikk, tilbake utan at du eigentleg bryr deg om kvifor. Det er veldig tydeleg at F.E.A.R. Extraction Point kun handlar om å oppleve meir av dei fanatiske action-sekvensane vi kjenner og elskar frå før.

Dette i seg sjølv har eg ikkje noko problem med å fordøye. Den kunstige intelligensen er framleis på toppnivå, grafikken er framleis hakket over dei fleste konkurrentar, og du treng litt bein i nasa for å hamle opp med fiendane som kastar seg over deg. Det er velkjent og velkomment å kaste seg inn i sakte modus medan du sender velplasserte skot mot fiendane, og naglar dei til veggar med boltar. Det er vanskeleg å trå feil med det fundamentet Monolith bygde med F.E.A.R. Områda er gjennomtenkte, og byr på nok av taktiske moglegheiter til at både du og Replica-soldatane har sitt å jobbe med.

Sjølv om mekanikken i F.E.A.R. er upåklageleg, hadde det vore ein fordel å få oppleve nokre noko nytt. Områda er til tider nesten identiske med originalen, og det er veldig lite du ikkje har sett før. Det framstår meir som nokre ekstra brett slengt på i etterkant, enn ei fortsetjing på historia. Mot slutten av spelet, som det burde ta deg omtrent seks timar å nå, forbetrar dette seg betrakteleg, men det gjer ikkje dei første bretta meir interessante. Det er framleis kjende lagerbygningar og trange betonggangar. Lysa i taket svingar framleis frå side til side, og no og då dukkar eit dødt ansikt opp på skjermen. Du kjem til å la deg rive med, men Extraction Point tilføyer ikkje blandinga noko nytt.

Mindre skrekk

Skrekkelementa frå F.E.A.R. er framleis intakte, og du vil oppleve å sjå litt av kvart i små sekvensar der du blir dratt ut av spelet og inn i ei verd der du er fullstendig hjelpelaus, og berre må fyre av nokre kuler sjølv om du veit dei ikkje har den minste betydning. Dessverre er det ikkje skremmande lenger. Det er framleis eit langt stykke til Harvest Moon om du er på jakt etter helgekos, men du kjem aldri til å rope på mamma. F.E.A.R. Extraction Point framstår meir som eit beint fram action-spel, enn som eit skremmande og ubehageleg action-spel.

Det som verkeleg held liv i Exctraction Point når vi held det opp ved sida av originalen er dei pulserande lydane som er minst like nifse som før. Den ubehagelege stemninga som gir F.E.A.R. sitt særpreg er definitivt der, saman med knitringa frå sviktande kommunikasjonsutstyr. Ta bort dette, og det er ikkje mykje igjen. Lydane er svært gode og våpena riv frå seg, men det er ein del overdrivne lydar som til tider kan bli ganske så irriterande. Om du kjem i kontakt med nokre bøtter eller metallpinnar til dømes, vil du høyre desse klirre som om dei blei kasta rundt i ei vaskemaskin – berre ved å trå på dei.

Heldigvis får vi nokre nye element kasta inn i miksen. Vi finn både nye våpen og nye fiendar. Til dømes er det nye stasjonære maskingeværet eit eit artig lite verkty. Om du endar opp i ein situasjon der du blir omringa frå alle kantar, kan dette raskt bli ein kritisk situasjon. Den nye mitraljøsa er også ganske artig, men den er ikkje eit våpen du endar opp med å ha det like moro med som til dømes nagle-pistolen.

Det er heller lite nytt med fleirspelar-delen. Nokre nye brett finn du sjølvsagt, men ingenting å rope eit høgt hurra for.

Konklusjon

Om du forelska deg i F.E.A.R. er det ingen tvil om at du kjem til å kunne kose deg med ekspansjonspakken. Men ikkje forvent deg ei like god historie, eller like minneverdige hendingar. Det er for det meste eit enkelt og greit action- som sender deg gjennom eit kjent scenario. Når det er sagt er den kunstige intelligensen nydeleg, og våpena du får leike deg med ber om å blir brukt til blodige formål. Sjølv om det kunne ha vore litt meir kreativitet i designen av dei forskjellige nivåa, samt eit sterkare manus, er det ingen grunn til å styre unna F.E.A.R. Extraction Point om du har lyst på ei litt mindre behageleg jul.

Siste fra forsiden