Fable Anniversary er utsett til neste år

Det tek tid å restaurere gamle slagerar.

Etter den originale planen skulle oppussingsprosjektet Fable Anniversary lanserast seinare i år. Slik skulle det derimot ikkje gå. I dag har Lionhead Studios på nettsidene sine informert verda om at dei ikkje rekk bli ferdige med spelet i tide. Difor har spelet fått ei utsetjing til februar neste år. Nokon spesifikk dato har vi ikkje fått.

For å bøte på tapet av Fable Anniversary i haustsleppet lovar Lionhead Studios at dei i dei komande vekene vil sleppe laus meir info om spelet, først og fremst i form av skjermbilete og videoar. I tillegg vil dei svare på spørsmål via Twitter-kontoen sin i dag kl 18.00.

Tilbake til gamle trakter.
Tilbake til gamle trakter.

Starten på noko stort

Då Fable først blei lansert for den første Xbox-konsollen i 2004 var det ikkje utan forventningar. Peter Molyneux som på den tid var sjef for Lionhead Studios snakka breitt og vidt om alt som skulle vere mogleg i spelet, som til dømes å plante eit frø som etter kvart ville vakse seg til eit stort tre.

Fullt så mykje fekk vi ikkje, men Fable blei likevel eit knakande godt rollespel der vi fekk ta på oss rolla som ein ung helt som gradvis blei eldre. Etter kvart som du spelte bygde helten seg stor og kraftig og fekk synlege arr på kroppen etter utfordrande basketak.

Fable fekk etter kvart to nummererte oppfølgjarar, samt sidespela Fable: The Journey, og Fable Heroes. Nyleg kunngjorde Lionhead Studios Fable Legends, som blir eit samarbeidsspel til Xbox One.

Les også: Anmeldelse: Halo: Combat Evolved Anniversary
Les også: Anmeldelse: Resident Evil 4 HD

Kommentarer (8)

Forsiden akkurat nå

Til toppen