Fable Legends blir gratis

Seinare i år kan du reise på tokt i Albion utan å betale ei krone.

Å la folk spele spel heilt gratis har blitt ein stadig meir populær forretningsmodell for diverse utviklarar og utgjevarar. I staden for å måtte kjøpe eit dyr spel, kan ein kome lett i gong, og eventuelt kjøpe ekstra innhald etter kvart.

Microsoft har allereie prøvd seg på denne modellen med spel som Killer Instinct og Project Spark. Erfaringane Microsoft har gjort seg har tydelegvis vore gode, for i dag har dei stadfesta at det komande action-eventyret Fable Legends blir gratis å spele.

Alt blir tilgjengeleg

Fable Legends blir pent, det er sikkert.
Fable Legends blir pent, det er sikkert.

Den store frykta ved spel som er gratis å spele er ofte at ein kan kjøpe seg til siger. Dette skal ikkje vere mogleg i Fable Legends, og alt innhald vil vere tilgjengeleg utan å betale ei krone.

I Fable Legends vil du ha to valutaer å betale med. Den ein ser sølv, som du tener ved å gjere ting i spelet. Den andre er gull, og dette må du kjøpe med eigne pengar. Alt i spelet kan kjøpast med enten sølv eller gull. Du kan kjøpe nye heltar og nye klesplagg for å gjere det heile litt meir personleg. Om du vil spele som den vonde regissøren, kan du kjøpe nye monster og feller.

Roterande heltar

Det blir mange ulike heltar å velje mellom.
Det blir mange ulike heltar å velje mellom.

Fable Legends vil by på ei lang rekke heltar du kan velje mellom. Desse vil i likskap med kampkjempene i Killer Instinct rotere regelmessig. Til ei kvar tid vil fire heltar vere tilgjengelege, og desse kan du byggje opp som om du eig dei. All framgang vil bli lagra sjølv om du ikkje har betalt for noko, og om du spelar gratis vil heten din bli tilgjengeleg slik du brukte han sist neste gong han blir gratis å bruke.

I førre månad blei det kjent at Fable Legends kjem til Windows 10 seinare i år, og vil kunne spelast på tvers av Windows 10 og Xbox One. Med den nye gratismodellen vil du kunne bruke same konto på begge versjonane, og ha tilgang på alt innhald på kvar stad.

Fable Legends er ein heilt ny vri på Fable-serien. I staden for å leggje ut på eit langt eventyr, vil fire heltar slå seg saman for å kjempe mot ein enkelt spelar som sender fiendar mot heltane. Vi tok ein kikk på det i fjor, og meinte det varierte mellom det monotone og det suverene.

Kommentarer (2)

Forsiden akkurat nå

Til toppen