Anmeldelse

Fable

Eg er i byrjinga av 20-åra, eg har to koner, tre hus, ein mannleg elskar og 33 jenter er forelska i meg. På fritida mi likar eg å å sparke høner og å trene på min skumle latter. Eg er ein helt.

Side 1
Side 2
Side 3

Ein helt med bindande kontrakt Etter kvart kan følelsen av antiklimaks snike seg fram, men ikkje fordi spelet i seg sjølv manglar noko. Du kan høyre Kong Peter von Lionhead sine ord krystallklart, der dei dansar gjennom rommet som ei kule i ei Pinball-maskin. Fable var lova som eit fritt spel. Eit spel der du kunne gjere kva du ville, for å blir den du ville. Det er ikkje slik Fable er. Du er den same personen kvar gong, det einaste som forandrar seg er di haldning til gode gjerningar. Vil du snerre, rape og prompe til folk, så versågod. Om du heller vil vere litt hyggeleg, og løyse opp stemninga med latter, vil slike ting allereie her påvirka om du bevegar deg mot det vonde eller det gode.

Hovudproblemet med Fable sin såkalla frittståande stil, er at du ikkje er fri. Du er ein helt på oppdrag, ikkje ein helt som gjer som han vil. I heltelauget får du til ei kvar tid vite kva som må gjerast. Oppgåvene er som regel kun enten eller. Nokre kan du løyse på to måtar, men som regel er det ganske ordinære A- til B-greier. Om du skulle bestemme deg for å ikkje benytte deg av desse er resultatet enkelt. Historia står stille og verda fungerar som ei sandkasse. Du kan gifte deg, kjøpe hus, og springe rundt, men totalt utan hendelsesforløp.

Det er her vi kjem til kjerna av Fable. Når ein først har blitt vand med at Fable ikkje er frittståande, og faktisk lar seg sjølv ignorere at spelet ikkje inneheld alt ein trudde skulle vere der, viser Fable seg uansett som eit heilt utruleg spel. Å sjå helten vakse opp, forandre seg, gifte seg, gifte seg igjen, og enda ein gong, og så til slutt få ein mannleg ektemann. Om du aldri har høyrt om Fable, kjem det til å slå deg ned som ein orkan. Det er noko heilt spesielt. Du byrjar som ei spinkel flis, og kjem sannsynlegvis til å ende opp som ei diger, muskuløs kampkjempe, og dette er noko du kan påvirke sjølv ved hjelp av Fable sitt temmeleg unike erfaringssystem.

Genialt erfaringssystem I Fable har du tre forskjellige hovudgrupper som får erfaringspoeng. Strength, skill og will. Strength er logisk nok alt som har med rå makt å gjere, i tillegg til helse og motstandskraft. Skill påverkar kor flink du er med bogen, og generelt det som har med smidigheit å gjere, medan will handterar magi. Når du får erfaringspoeng blir desse fordelt i fire gruppe. Ei for kvar ferdigheitsgruppe, og ei generell. Det mest av erfaringspoenga du tener vil hamne i generell, men brukar du til dømes mykje magi, og gir blanke i bogen, vil du få ein god pott på will, medan du ikkje vil få noko på skill. Det blir indirekte mykje billegare å oppgradere det du allereie brukar mykje, enn å bygge opp ting du ikkje har fokusert på. Det er eit veldig smart system som fungerar heilt strålande.

Det kanskje aller viktigaste elementet i Fable er korleis du utviklar deg over tid. Om du held deg til den positive eller negative sida av lova har ein del å sei for din fysiske framtreden. Om du tar ein kikk på statistikkane over karakteren din vil du finne ei oversikt over alt du har gjort. Kor mange du har gifta deg med, kor mange du har drept, kva våpen du likar osv. I tillegg får du sjå kor skummel du er. Her kjem dine val inn i biletet. Om du er ein engel får du glorie, og sommarfuglar flaksar rundt deg. Vel du på den andre side å ofre kvinna i ditt liv til dei maktene som råder ein stad det er varmare enn her, kan du godt ende opp med blanke auge og djevelhorn.

Det må seiast at dette er ekstremane, du skal jobbe ein del for å bli så vond, eller så god at slik ting dukkar opp. Som regel ser du eigentleg heilt normal ut. I og med at du ikkje kan velje ansiktstrekk, vil det sei at sjansen for at du endar opp med ein unik karakter, kva utsjånad angår, er ganske minimal. Dei store variasjonane finn vi først og fremst i kva du veljer å kle deg i. Det er eit ganske imponerande antal klede ute og går, frå selskapskjolar til solide rustningar i gyllent metall. Om du vil kan du kombinere desse. Ta eit korsett som overdel, rustning på beina og eit par tynne tøysko på føtene dine, og du kan gjere deg sjølv til latter ganske raskt. Om du vil forandre på håret ditt, finn du ein frisør som utfører slike oppgåver. Du vil og finne folk som kan tatovere kroppen din i kva det skulle vere.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden