Anmeldelse

Fable

Eg er i byrjinga av 20-åra, eg har to koner, tre hus, ein mannleg elskar og 33 jenter er forelska i meg. På fritida mi likar eg å å sparke høner og å trene på min skumle latter. Eg er ein helt.

Side 1
Side 2
Side 3

Eit lett navigerbart kunstverk Verda i Fable er ikkje ei enorm vilmark med hundrevis av byar. Du har eit lite utval byar som alle varierar i størrelse og innhald. Å bevege seg frå ein stad til ein anna er ikkje verre enn å ta i bruk beina dine, men om det blir for slitsamt kan du teleportere deg dit på flekken. Oppe i høgre hjørne vil du finne eit ganske praktisk kart som viser kvar du er akkurat no. Det viser også kva retning du må gå for å finne områda oppdraga dine utspelar seg i. Oppdrag nødvendige for historia er vist med eit gult ikon, medan sidesprang blir vist med eit grått ikon.

Det er vel ingen stor hemmelegheit at Fable ser fantastisk ut. Bortsett frå at det går litt sakte i område med svært mange fiendar, og litt merkelege epileptiske anfall som relativt sjeldan påverkar folk du snakkar med, er det eigentleg fint lite å utsetje på. Heile verda er totalt gjennomført. Frå dei behagelege områda i Oakvale, til mørke skogar plaga av levande døde, alt har sin distinktive stil, samtidig som det heng saman på ein glimrande måte. Du vil ikkje finne eit einaste flatt område i heile Fable. Rundt byane vil du finne bakkar og skogar, medan gras og kornstrå svaiar i vinden. Det viser seg som eit imponerande skue. Litt kjedeleg er det at du eigentleg aldri får følelsen av å vere i eienorm verd, du får aldri inntrykket av at naturen strekker seg langt bortanfor det du faktisk kan sjå og ta på.

Kva er vel eit eventyr utan musikk? Det følest som om du går gjennom sidene i eit godt gammaldags eventyr når du ruslar gjennom Albion. Sjølv om størrelsen ikkje er enorm, er det gjennomført på ein måte dei fleste andre berre kan draume om. Når du høyrer musikken blir det lett å gløyme seg fullstendig vekk. Den er perfekt. Kva ser du for deg når du tenker eventyrmusikk? Dramatiske strykarar? Lette og lystige trallar? Du finn det her, alt saman. Tittelsporet til Fable er komponert av Danny Elfman som har laga musikken til så og seie alle Tim Burton-filmar. Om du har høyrt noko han har laga, kan du tenke deg til kva du finn her. Sjølv om han kun har komponert tittelsporet, ber all musikken preg av å vere sterkt inspirert av komposisjonane hans.

Kva lydeffekter angår er det eigentleg ikkje noko som imponerar. Big Blue Box har prestert å skape veldig god stemning, men mange lydar blir brukt om igjen litt for ofte. Til dømes har mange monster akkurat same grynt og brøl. Litt snålt blir det også når ei stor og massiv steindør opnar seg til lyden av ei gammal og knirkete tredør som burde ha vore skifta ut for mange år sidan. Ei gledeleg side over lyden er at dialogen faktisk er temmeleg bra. Den er godt utført, og kommentarane er for det meste mange og varierte. Det vil seie, heilt til du nærmar deg slutten av spelet, og reportoaret er oppbrukt. Big Blue Box skal også ha litt pepper for at omtrent alle damene i heile spelet har den same stemma.

Konklusjon Fable er kanskje ikkje kva alle hadde forventa seg det skulle vere. Stort sett takka vere den temmeleg vidåpne kjeften til Peter Molyneux. Fable er ikkje på langt nær så fritt som originalt planlagt. Ungar klipper ikkje håret sitt slik du har det, og naturen forandrar seg ikkje etter kvart som du blir eldre. Det du får er uansett sannsynlegvis årets mest unike spel. Aldri tidlegare har du hatt slike moglegheiter som i Fable. Følelsen du får når du går gjennom Albion, og folk ytrar namnet ditt, helsar på deg, blir forelska i deg, eller spring i frykt. Det er ein følelse i alle fall eg aldri før har opplevd, og det er fantastisk moro. Spelet er kanskje ikkje langt etter rollespel-standard, men sjå forbi det. Sjå forbi det og la deg fange av eit unikt spel som rett og slett er ekte underhaldning på sitt aller, aller beste.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden