Anmeldelse

Fable 2

Rein og skjær magi

Om du brått byrjar å lure på kvar livet ditt blei av, kan du peike ein krass finger mot Lionhead Studios.

Etter ei traumatisk hending, ser eg brått verda med nye auge. Eg har gått meg vill i mitt eige sinn, og skjønar ikkje lenger kven eg er. I rein desperasjon endar eg opp med å sjekke opp ei prostituert, som eg dreg med meg til ei nyinnkjøpt husvogn. Eg kan praktisk talt kjenne ein mørk demon ta kontroll over tankane mine, og eg vaknar opp lettare omtåka. Eg innser at eg er gift, og at det eg har gjort er motbydeleg. Eg bestemmer meg for å ta beina fatt, og ta turen heim. Eg vil sjå mannen min igjen. Mannen min og dottera vår som sikkert er stor nok til å gå no.

Hvordan blir din helt?

Vis større

Trailer: Fable 2

Stikkord:
  • action
  • spill
  • xbox 360
  • rollespill
  • fable


Vel heime igjen blir eg møtt av rosande ord og ungar som spør om autografen min. Eg gir den velvillig bort, men noko er likevel feil. Brått ser eg han, mannen min. Ein rufsete fyr som ser ut som om han ikkje har bada på fleire år. Noko er feil. Han ser meg, og fortel kor mykje han har sakna meg. Han introduserer meg for dottera vår som fortel meg at ho òg vil bli ein helt når ho blir stor. Det er søtt, men eg klarar ikkje bry meg. Eg ligg med mannen min, og bestemmer meg etterpå for å ta ein tur i butikkane. Kanskje det er noko nytt eg kan kjøpe.

Pest eller frelse

Han kjem etter meg. Mannen min og dottera vår følgjer hakk i hel. Eg likar det ikkje. Eg likar ikkje denne fyren lenger. Eg har forandra meg, kvifor kan han ikkje sjå det? Brått dreg eg fram sabelen og høgg han ned. Han ligg langflat på bakken, og eg får beskjed om at dottera mi no har blitt teken av barnevernet. Mi eiga dotter, borte. Alt mistar meining, og eg går berserk. Eg angrip alt og alle. Eg høgg ned vaktene, eg sender eldkuler mot alt som kan krype og gå. Hunden min klynkar, han skjønar ikkje heilt. Eg held fram. Dei må døy! Alle saman, dei må døy!

Eg kan kjenne korleis alt er i ferd med å endre seg. Eg er kald, huda er grå, og den ein gong så søte hunden min har fått eldraude auge som lyser i mørkret. Det totale forfallet er ein realitet eg ikkje kan sleppe unna.

Det verste med det som skjedde ovanfor er at det framleis knip litt i magen min når eg tenkjer på det. Eg hadde brukt mykje tid på å besøke familien min. Eg hadde blitt glad i den. Eg kjøpte gåver både til mannen min og til dottera mi, men no er dei brått borte. Og slik resultatet ofte blir når ein mistar noko som gir ein meining, mistar brått alt meining. Der eg gjennom store delar av mitt liv var eit dydsmønster, er eg no ein pest og ei plage som spreiar frykt overalt kvar eg går.

Det er likevel ein ting som ikkje forandrar seg uansett kor mykje faenskap eg skulle finne på; hunden min. Eg klarar ikkje vere slem mot hunden min. Den er for kjær. Eg er for glad i den. Han viser meg så mykje kjærleik, at eg ikkje er i stand til å gjere han noko, sjølv om eg kanskje skulle ha lyst til det. Eg har kanskje forandra meg til eit motbydeleg vesen med fleire kjønnssjukdommar enn du finn fluger på eit rotna kadaver, men hunden min er heilag.

Ei makelaus verd

Det er dette som er Peter Molyneux og Lionhead sin aller største triumf. Dei har greidd å lage ei verd der dine handlingar etter kvart kan gi deg sterke moralske kvalar. Alt du gjer i Fable 2 får ein konsekvens i eitt eller anna format. Det er ei stor og levande verd der du verkeleg er midtpunktet. Du er ein helt, og alle har ei meining om deg. Det er ei verd der du kan gjere ufatteleg mange ting for å oppnå enten det eine eller det andre.

Du kan ete sunn og god mat for å halde deg slank og rein. Å ete ein vegetarisk kost der ein aldri rører ved noko som ein gong var levande, får akkurat dei mentale konsekvensane ein kan rekne med. Du blir ein rein skapning. Din kropp er ditt tempel, og sjølv om du har all respekt for dyreliv, kan du likevel vere den mest utspekulerte demonen på jord, der du gjer kva du kan for å øydeleggje liva til dei patetiske innbyggjarane i Albion.

Om uskuldige dyr ikkje skulle bety noko for deg, kan du i staden fråsse i kjøt og feite paiar. Du kan bøtte innpå med alkohol, og sakte men sikkert vil du ese ut til ein feit fråtsar. Likevel kan du vere den snillaste personen på jord. Den som gjer alt som tenkjeleg kan gjerast for å gjere livet betre for dei fantastiske innbyggjarane i Albion. Du kjøper opp eigedom berre for å skru ned prisane til det minimale. Alt for å gjere livet betre, og for å få økonomien i denne vakre verda til å blomstre.

Eventuelt kan du ta deg jobb som smed eller bartender, du kan stå der i time etter time for å håve inn pengar til ditt eige formal. Vil du ha ei nye jakke, men har ikkje råd, er det berre å ta eit tak, og pengane ligg kjapt på bordet. Kjøper du mykje, er du òg med på å forbetre økonomien. Handlar du mykje blir du ein populær kunde, og prisane går ned raskt. Er du snill med seljarane, og kanskje gir dei ei gåve, set dei kanskje prisane ned enda nokre hakk. Om dette blir for døvt, kan du i staden brøle til dei, skremme dei, og truge dei. Då set dei ned prisane i rein frykt.

Alt du vil, og meir

Fable 2 er så langt eller så kort som du gjer det til. Om du er overivrig og pesar gjennom historia er ikkje spelet stort lengre enn det første spelet i serien. Du vil likevel gå glipp av mykje. Områda er større, verda er større, og moglegheitene er mangfaldige gongar større. Nye oppdrag dukkar opp heile tida, og nesten samlege er valfrie. Du vel sjølv kva du vil gjere. Du kan velje å vitje skugganes tempel, men du ikkje. Du kan ta jobbar for å frigjere slavar, eller du kan gjere folk til slavar. Begge deler om du vil. Du kan i tillegg ta livet av folk for pengar. For kva skal vel verda med avskum som lagar for høge lydar medan dei søv?

Felles for alle oppdraga er at dei vil sende deg og hunden din ut på nokre lengre fotturar i Albion si slåande vakre verd. Du kan riktig nok teleportere deg til alle områda du har vitja før, men ved å heile tida gjere dette, går du glipp av mykje.

Når du spring rundt i verda, vil du kontinuerleg høyre lydar frå den trufaste hunden din. Han bjeffar når han finn ei skattekiste, eller noko som er greve ned, og du kan i tillegg trene han opp til å bli ekstra god til dette. Når fiendar ligg på skjul, vil han knurre, slik at du kan vere på vakt når dei dukkar opp. Han tek til og med del i kampane, ved å angripe fiendar du har slått i bakken, for ei rask avslutning.

Kampane i Fable 2 er latterleg enkle. Du har tre forskjellige angrep til disposisjon, og kvart av dei er lagt til sin eigen knapp. Du kan angripe med nærkampsvåpen, pistolar og armbrøst, samt forskjellige former for magi. Sjølv om kvar våpentype berre har ein knapp, betyr ikkje det at du endar opp med frenetisk knappetrykking. Etter kvart som du byggjer opp eigenskapane dine i dei forskjellige våpna, vil du kunne gjere meir avanserte angrep, framleis med berre ein knapp. Ved å trykke på X vil du slå. Ved å halde inne X vil du blokkere, og ved å sleppe X etter å ha haldt inne knappen ei stund, vil du fyre laus eit kraftig spesialangrep som kan flerre gjennom dei fleste blokkeringar.

Samtidig er det heile kontekstsensitivt, og kampsystemet reagerer på områda du er i. Står du på ei klippe, vil du til dømes sparke fiendane utfor ved å stå i riktig posisjon. Om nokon ligg nede, vil du køyre sverdet gjennom dei om du står over dei. Dette er i alle fall meininga, men det er ikkje alltid spelet heilt oppfattar situasjonen. Fiendar som ligg på bakken kan raskt bli eit lite irritasjonsmoment sidan dei har ein lei tendens til å bli veldig vanskelege å ta knekken på.

Kronglete magi

I tillegg til vanskelege fiendar, er ikkje magisystemet det mest brukarvenlege du finn der ute. Du har ingen rask og enkel måte å skifte mellom magitypar på. Du må leggje dei inn i rekkefølgje, slik at forskjellig magi blir brukt avhengig av kor lenge du held inn knappen. Det er ikkje alltid det er forsvarleg å gjere dette, sidan fiendane lett kan vere på deg før du kjem fram til den magien du vil bruke. Difor endar ein gjerne opp med det lettaste alternativet: Ved å berre bruke ein type magi, vil den bli kraftigare og farlegare etter kvart som du held inne knappen.

Ein anna ting som ikkje fungerer heilt, er den lokale samarbeidsmodusen. Her kan ein person starte eit spel med sin helt, før ein anna sleng seg på med sin. Den første skuffinga her, er at den andre spelaren ikkje eigentleg får bruke sin eigen helt. Han kan velje å hente inn statistikken over kor god han er, men alt anna er alternativ frå ei liste. Han vel mellom seks forskjellige modellar, han vel våpen, og han hoppar inn. At han ikkje får ta med seg helten sin i visuell forstand er ekstremt skuffande. Korleis dette fungerer over Xbox Live kan eg ikkje uttale meg om, sidan vi ikkje har fått testa det.

Spelet vil nok uansett bli mykje artigare over Xbox Live, og då spesielt grunna dei forferdelege kameravinklane som oppstår med to spelarar på ein skjerm. Fable 2 støttar ikkje delt skjerm, og endar difor opp med nokre heilt håplause kameravinklar som gjer spelet direkte vanskeleg å spele. I store, opne område går det heile greitt, men så snart du tek turen inn i ei av dei mange mørke grottene, blir det så vanskeleg å følgje med at ein mistar interessa ganske kjapt.

Eit sjarmtroll av eit spel

Sjølv om den lokale samarbeidsmodusen i Fable 2 ikkje imponerer, er det di historie som er det viktige i spelet. Det er reisa di frå å vere ein liten unge, til å bli ein vaksen helt som er heilt poenget med spelet, og dette er skildra på ein fabelaktig måte. Du trer inn i ei nydeleg verd. Spelet er kanskje ikkje det mest teknisk overlegne spelet der ute, men det er definitivt blant dei vakraste. Alt er sett saman med omhug. Frå frodige skogar til gamle byar, alt ser truverdig ut. Sjølv om dette er eit eventyr, og sjølv om det er mykje her som aldri kunne ha eksistert, vil du aldri sjå ting som ikkje stemmer. Alt er truverdig innanfor rammene spelet set for seg sjølv.

I tillegg er spelet stappfullt av herleg britisk humor, uansett kor mørkt det skulle bli grunna dine bestialske gjerningar. Mest av alt sender humoren tankane tilbake til Terry Pratchett sine Discworld-bøker, sjølv om det sjølvsagt er mykje her som er unikt. Dette er ikkje eit fantasy-spel. Du finn ingen orkar og fagre alvar med spisse øyrer. Det er eit godt gammaldags eventyr som slektar meir på Brødrene Grimm og Asbjørnsen og Moe enn det nokon gang vil slekte på J.R.R. Tolkien.

Alt er samtidig pakka inn i eit herleg lydbilete. Musikken er lett gjenkjenneleg for dei som har spelt Fable, men utforskar samtidig nye område. Lydar kjem frå alle kantar, og er med på å forsterke inntrykket grafikken gir av eit truverdig verd. Spesielt i byane vil du legge merke til dette. Alle snakkar med tjukk britisk dialekt, og dei kjem heile tida med kommentarar som viser til kva du gjer i verda. Til dømes vil dei ytre begeistring over økonomien om du handlar mykje og leiger ut billig. Eit anna døme er ungar som spring rundt og brøler, etter at dei tidlegare såg deg gjere det same på opa gate.

Konklusjon

Det er eigentleg svært lite anna å gjere enn å ta av seg hatten, bøye seg i støvet, og sleike skoa til Peter Molyneux ganske grundig. Han har fått det som han ville. Fable var eit nydeleg spel, sjølv om det ikkje gav oss alt vi var lova. Fable 2 derimot, gir oss verkeleg meir enn vi nokon gong kunne drøyme om. Det er eit spel som let deg gjere akkurat det du måtte ville, og galant held deg engasjert heile tida. Det er eit spel som får meg til å sjå på det som ein god idé å setje seg ned for å spele klokka to om natta. Det er eit spel som får meg til å innsjå seint på kvelden at eg enno eigentleg ikkje har fått på meg kleda, og ete frukost. Det er eit spel som sug deg inn og held brutalt godt fast i deg.

Det er kanskje ikkje perfekt. Det er små ting som trekk litt ned, men i det store og det heile er Fable 2 heilt makelaust. Det er eit artig, koselig, nifst og engasjerande spel som er verdt kvar bidige krone det kostar. Kjøp dette spelet! Om du så må selje sjela di, du vil ikkje angre.

Fable 2 kjem i salg fredag 24. oktober, eksklusivt for Xbox 360.

Siste fra forsiden