Sniktitt

Fahrenheit

Quantic Dream og Atari gjer sitt beste for å redefinere eventyrsjangeren med det som kanskje kan bli eit av tidenes beste eventyrspel.

Du byrjar spelet som Lucas Kain. Du befinn deg på eit offentleg toalett, og ved føta dine ligg eit blodig lik. Det verste av alt er at du ikkje kan hugse å ha gjort noko som helst, sjølv om hendene dine er blodige, og det er heilt klart at du må noko med drapet å gjere. Lucas får panikk, og veit ikkje kva han skal gjere. Herifrå styrer du Lucas direkte. Du kan bevege deg rundt i rommet, og om du kan gjere noko, vil det dukke opp symbol på skjermen. Symbola viser kva veg du skal dytte analogstikka i for å gjere noko. Om du til dømes fører Lucas bort til vasken, vil det dukke opp fleire symbol. Eit symbol for å bruke speilet, eit for å bruke vasken, og eit for å bruke papirdispenseren.

Den grafiske stilen er verkeleg med på å bygge opp under den mørke og dystre atmosfæra i spelet. Det er eit svakt støyfilter over heilt spelet, mykje i same stil som Silent Hill. Det meste av animasjonane har blitt gjort ved hjelp av motion capture, noko som er svært tydeleg. Karakterane er veldig overbevisande, og er veldig menneskelege, noko som strengt talt er mangelvare i dei fleste spel. Bruken av kameravinklar gir også spelet eit veldig filmatisk preg, og du føler nesten at du er i eit tradisjonelt eventyrspel, men du er mykje meir involvert i historia. Du står aldri og ser på, du deltar, og når Lucas er stressa, blir du stressa. Den vesle tida vi fekk med spelet gjor det tydeleg at du knyttar deg til karakterane umiddelbart. Du kjenner det same presset som Lucas kjenner, og du kan kjenne pulsen auke.

Panikken breiar om seg
Lucas er blodig, toalettet er blodig, og ikkje minst ligg det eit blodig lik på gulvet. Om du berre spring ut, er det stor sjanse for at nokon kjem inn på toalettet og oppdagar kva som har skjedd, lenge før du har kome deg i sikkerheit. For å fjerne så mange spor som mogleg, drog vi liket inn i ein toalettbås, og vaska oss grundig før vi går ut frå rommet. I det vi stig inn i kafeteriaen vi opprinneleg kom frå, delar skjermen seg i to. På den eine sida ser vi Lucas, som du kan kontrollere. På den andre sida ser vi politimannen som reiser seg frå stolen sin og bevegar seg mot der du står. Lucas gjer sitt beste for å kome seg ut så raskt som mogleg, men i det han skal til å gå ut døra ropar dama bak disken på han. Lucas får panikk, og du får valet mellom å springe, og å spørje kva ho vil.

Heldigvis har du kun gløymt å betale for deg, og du gjer opp for deg, men politimannen har kome seg enda nærmare toalettet, og Lucas er i ferd med å bli desperat. Nivået på stress og depresjon kan få alvorlege konsekvensar. Om du blir deprimert nok, kan Lucas finne på å enten overgi seg til politiet, eller han kan gå så langt som å ta sjølvmord. Du må heile tida tenke over kva du gjer, og om det du gjer er det beste for Lucas. I det Lucas endeleg kjem seg ut frå kafeterian, delar skjermen seg igjen i to. Vi kan sjå korleis politikonstabelen går inn på toalettet, gjer sitt fornødande, vasker seg, og ser blodet på gulvet. Her innser du den første kritiske feilen din. Du flytta liket og vaska deg, men du vaska ikkje golvet.

Smart samtalesystem
Du kjem deg ned til T-bana før nokon rekk å finne deg, og brått skiftar handlinga. Vi blir no introdusert for to nye spelbare karakterar. Dei er etterforskarar som har blitt kalt inn til å sjekke drapsstaden. I ein spesielle vri får du spele både som drapsmannen og etterforskarane. Dei to nye karakterane har eit litt anstrengt forhold, men måten du vel at dei skal snakke til kvarandre kan gjere forholdet deire betre, eller fullstendig ruinere det. Det er heller ikkje alltid like lett å vite kva som er "riktig" svar. Samtalesystemet i Fahrenheit kjem i form av ei tidslinje med opp til fire symbol. Kvart symbol representerar ein retning på analogstikka, og eit tema å snakke om. Du må gjerne tenke raskt for å få sagt det du vil.

Etterforskarane kjem inn på kafeteriaen, og undersøker toalettet. Du kan no observere alle feila du gjor som Lucas. Første feil er blodet på gulvet, men du gløymde også å skylle ned blodrestane i vasken. Når som helst kan du bytte mellom dei to etterforskarane, noko som kan vere lurt, sidan dei ser etter forskjellige ting. Hadde eg til dømes ikkje bytta karakter, hadde eg ikkje funne den blodige kniven som låg under eit pissoar. Det er veldig tydeleg at Fahrenheit er eit spel som lar deg gjere feil, og byggar resten av spelet rundt kva du har gjort i ein gitt situasjon.

Vi har riktignok berre fått testa byrjinga av spelet, men om Fahrenheit opprettheld den intensiteten og blodhare stemninga vi blei presentert for, kan dette bli eit av årets desidert viktigaste spel. Det bryt på mange måtar grenser i interaktivitet, og den friheita spelet gir deg til å ikkje nødvendigvis finne alt i ein gitt situasjon er imponerande. Det gjenstår å sjå kva konsekvensar ting vil få i lengda, men vi kryssar fingrane og håpar på det beste.

Siste fra forsiden