(Bilde: Bethesda Softworks)

Fallout-eigarane truar indieutviklar med søksmål

Om du ikkje vil ha Zenimax på nakken skal du tenke nøye over kva du kallar spelet ditt.

Fortress Fallout er eit lite indiespel under utvikling for iOS- og Android. Der skal to spelarar byggje kvar sine tårn dei brukar for å angripe kvarandre med. Spelet blei utvikla av blant anna Jordan Maron som står bak den populære Youtube-kanalen Captain Sparklez.

Ein skulle kanskje ikkje tru at eit lite mobilspel ville skape sinne hos Zenimax – selskapet som eig Fallout- og The Elder Scrolls-utviklarane Bethesda – men det er nettopp det som har skjedd. Moran har motteke eit brev frå Zenimax der dei gjev han streng beskjed om å endre namnet på spelet sitt. Dette fortel han i ein video du kan sjå nedanfor.

Grunnen er at Fortress Fallout brukar namnet, eller rettare sagt ordet «Fallout». Sjølv om Fallout-serien og Fortress Fallout tematisk har så og seie ingenting til felles, held ikkje det for at Zenimax skal føle seg trygge på at ingen skal forveksle spela.

Gir etter for overmakta

Ville du trudd dette er eit nytt Fallout-spel?
Ville du trudd dette er eit nytt Fallout-spel?

Moran har sjølv valt å føye seg for Zenimax. Ikkje fordi han meiner dei har noko god sak, men fordi dei har langt fleire midlar til disposisjon enn han, og vil vere meir i stand til å gå inn i ein dyr rettstvist enn Moran. Samstundes har advokatane hans sagt at Zenimax er notoriske for å gå til søksmål.

Dette er ikkje første gong Zenimax går til rettslege steg for å få andre utviklarar til å liggje unna ord Zenimax meiner dei eig. I 2012 gjekk Zenimax til frontalangrep på svenske Mojang får å få endra namnet på spelet Scrolls. Igjen var årsaka at Zenimax meinte folk kunne tru dette var eit nytt spel frå dei, i dette høve The Elder Scrolls.

I den saka blei til slutt partane einige. Mojang fekk halde fram med å bruke namnet Scrolls, men berre om det ikkje blei brukt på ein konkurrent til The Elder Scrolls-serien.

Namnestridar er ikkje noko nytt i spelverda. I fjor prøvde Candy Crush Saga-studioet King.com å få endra namnet på The Banner Saga sidan det kunne forvirre brukarane.

 

 

Kommentarer (10)

Forsiden akkurat nå

Til toppen