Fallout TV-serie kan vere på trappene

Bethesda med postapokalyptisk serie for den vesle skjermen.

I førre veke tvitra skodespelaren Erik Todd Dellums om at han moglegvis var klar for meir Fallout-arbeid. Dellmus er betre kjent som DJ-en Three Dog i Fallout 3 frå 2008. Spekulasjonane rasa naturlegvis om at Fallout 4 snart ramlar over oss, men no tyder ting på at Dellmus snakkar om noko heilt anna.

I kveld rapporterer nemleg Eurogamer at Bethesda som eig Fallout har registrert eit varemerke for ein TV-serie som utspelar seg i ei apokalyptisk verd etter ein atomkrig.

Om Bethesda aktar å bruke eit eksisterande varemerke for denne verda finnest det strengt tatt berre to alternativ; Fallout og Rage. Med tanke på kor stor populariteten til Fallout er samanlikna med Rage herskar det liten tvil om kva som er det mest sannsynlege alternativet. At Dellmus i tillegg har tvitra om at vi kanskje får høyre han igjen legg ikkje akkurat mindre eld på bålet.

Ein Fallout TV-serie vil ikkje bli den første post-apokalyptiske serien på amerikansk fjernsyn. For nokre år tilbake fekk vi serien Jericho, medan Revolution som handlar om ei verd utan straum har rulla over skjermane i haust. Fallout er derimot ei ganske unikt beist, sidan vi møter både massive skorpionar, mutantar, og ikkje minst mykje sprø humor. Eit naturleg spørsmål blir sjølvsagt korleis det heile skal finansierast, sidan ein Fallout-serie tru mot spela lett kan bli eit dyrt prosjekt.

Har du trua på ein Fallout-serie, eller trur du det vil bli like ille som dei fleste spelfilmatiseringar opp gjennom åra?

Les også: Slik blir Wasteland 2
Les også: – Bethesda forstår ikke Fallout

Kommentarer (39)

Forsiden akkurat nå

Til toppen